Robotane tok over idrettsstadion i Kina

På stadion i Beijing var det verken fotballstjerner eller OL-utøvarar som møttest til kamp – men robotar! Under World Humanoid Robot Games konkurrerte maskiner frå heile verda i alt frå stafett og boksing til fotball og dans. Nokre imponerte stort, andre snubla rett i bakken.

Kva betyr «robot»?
  • Visste du at ordet «robot» betyr «arbeid»? Det kjem frå eit slavisk ord, robota, som betyr «tvungen arbeidskraft».
  • Det første gongen «robot» vart brukt, var i ei tsjekkisk teaterframsyning i 1920 — der vart ideen om maskiner som gjer alt arbeidet for menneske fødd.

Kjelde: Kids Kiddle.

LES FAKTALUKK FAKTA
Foto: AP Photo/Mahesh Kumar A

FOTBALLKAMP: På grøn kunstgrasbane spelar robotane fotballkamp. Dei ser kanskje litt klønete ut, men nokon av dei klarer faktisk å skyta ballen ganske hardt.

Foto: AP Photo/Ng Han Guan

RAMLAR: Ein robot fell etter å ha sendt laget sitt ut på siste etappe i finalen på 4×100 meter under verdsmeisterskapen i humanoid robotidrett i Beijing.

Foto: AP Photo/Mahesh Kumar A.

ROBOT MOT MENNESKE: Ein robot står klar framfor fotballmålet i ein oppvisningskamp mellom menneske og robotar under avslutningsseremonien.

Foto: AP Photo/Ng Han Guan

BOKSING: To små robotar møttest i bokseringen i frikamp. Med boksehanskar på slo dei kvarandre – medan publikum heia og filma. Det ser nesten ut som eit ekte bokseoppgjer, berre med metall og motorar i staden for musklar.

Foto: AP Photo/Mahesh Kumar A.

DANSAR: Ei kvinne tek på handa til ein robot som var med i dansekonkurransen under verdsmeisterskapen.