Justine (15) vart fjortis på filmsett: – Eg visste ikkje kva det betydde

Justine Osafo vart spurt av læraren om ho ville ha ei rolle i ein ny film. Det var draumen hennar.

I 2018 flytta Justine Osafo (15) til Noreg. No har ho spela ei stor rolle i filmen «Grevlingene».

– Eg var 13 år då eg spela inn filmen, og så vart eg 14 år på sett, seier ho til Framtida Junior.

På flyttefot

– Alle kalla meg fjortis på sett, held Justine fram.

Foto: Privat

I Noreg er det heilt vanleg å kalle 14-åringar for fjortis, men det var ikkje Justine klar over.

– Det var sånn eg fann ut kva fjortis betydde. Det var veldig morosamt, ler ho.

Året Justine fylte åtte, flytta ho og familien til Noreg. Ho vart fødd på Bali i Indonesia, og er også delvis ghanesar.

Først budde ho ei stund i Kristiansand, men det viste seg at dette ikkje var staden for ho, og det var vanskeleg å få venner.

– Eg begynte i ein norsk barneskule der eg var einaste mørkhuda jente, seier ho.

– Eg spurde mamma «kan vi flytte til ein stad i byen?» fortel ho.

– Vi flytta først til Oslo, men det var litt for stort. Så då flytta vi til Stavanger, seier ho.

Der byrja ho på ein internasjonal skule.

Dette bytet førte til at ho fekk vere skodespelar i ein stor kinofilm.

LESEPRØVE: Justine sit saman med dei andre skodespelarane og les gjennom manus. Kristoffer Lycke Abrahamsen og Nils Elias Lea Olsen sit i bakgrunnen. Foto: 73 Eyes Film Production.

Læraren gav ho draumen hennar

Då «Grevlingene» starta med innspeling, budde Justine og familien framleis i Kristiansand, og ho gjekk på Kristiansand International school.

– Korleis fekk du rolla som Jamila?

– Eine læraren min hadde kontakt med Paul, som regisserte filmen, seier Justine.

Læraren fekk vite kva det var regissør Paul Magnus Lundø leita etter i rolla som Jamila. Då skjedde dette:

– Skulelæraren spurde meg om eg ville vere med i ein film. Eg sa «JA!». Min største draum var å vere ein skodespelar, og det visste alle på skulen, seier Justine entusiastisk.

SPEIDAR: Filmen handlar om speidarar. Her er Justine Osafo saman med Nils Elias Lea Olsen og Jakob Mydland. Foto: Bo Randulff | 73 Eyes Film Production.

Ho har lyst til å vere med i fleire filmar og seriar, men spesielt éin sjanger står på toppen av lista.

– Eg har veldig lyst til å vere med i ein skrekkfilm, avslørar ho.

Kanskje kjem dette av at favorittscenene hennar å spele inn i «Grevlingene» var dei skumle scenene i ein tunnel som vart filma.

Fått ein besteven

Sjølv om det er godt over eitt år sidan Justine var med og spela inn «Grevlingene», har ho framleis kontakt med mange frå sett.

Spesielt Nils Elias Lea Olsen, som spela hovudrolla i filmen.

BESTEVEN: Nils Elias og Justine vart gode vener under innspelinga av «Grevlingene». Foto: Privat

– Nils er bestevenen min i verda. Han er nummer éin for meg, kan eg seie, fortel Justine.

Det syns ho ikkje er så rart. Dei budde saman under innspelinga, og hang saman heile tida. No som Justine har flytta til Stavanger, så bur dei begge i same by.

– Etter innspelinga trur eg vi lovde kvarandre at vi alltid kjem til å vere der for kvarandre, så vi heng veldig mykje og ofte, og vi snakkar om veldig mykje rart, seier Justine.