Andréa Othilie (12) har stor rolle i den nye julekalendaren til NRK: – Det er veldig gøy

I desse dagar spelar NRK inn den nye julekalendaren «Kristiania Magiske Tivolitheater». Andréa Othilie Helén Wilhelmsen-Grøtnes har flytta frå Bergen til Oslo for rolla si i serien.

Likar variasjonen: Andréa Othilie fortel at ho synest det beste med skodespelarlivet er variasjonen. – Eg synest ikkje at dagane er så like som ein kanskje skulle trudd. Og så synest eg at det er veldig gøy å øva på tekst. Foto: Monster

– Eg kan ikkje seia så mykje om rolla mi, då det er litt hemmeleg enno, seier Andréa Othilie og fortsetter:

– Men personen eg spelar har ei ganske stor utvikling. Det er ei stor rolle.

Andréa Othilie fortel at det er kjekke dagar på innspeling. Når ho kjem på jobb, skiftar ho til kostyme, blir ordna på håret og får sminke.

Så går dei gjennom teksten, før det er rett på opptak. Dagane kan vera både lange og korte.

BT har også laga sak om Andréa Othilie.

Starta då ho var seks år

Men dette er ikkje noko nytt for ho – 12-åringen er nemleg ikkje ny i teater- og skodespel-verda.

– Eg starta med skodespel då eg var seks år. Eg har alltid synast at det er veldig gøy, og er ikkje redd for store folkemengder.

Mellom anna har ho vore med på teaterstykka «Julens Magi» på Cornerteateret i Bergen og «Kristin Lavransdatter» som vart vist på DNS i Bergen. Også i kortfilmen «Knask eller Knep» og NRK-serien «Villa Mekk» har ho hatt roller.

Den kommande julekalendaren er likevel det største ho har vore med på.

Mykje erfaring: Bilde frå ein av dei andre rollene Andréa Othilie har spelt. Foto: Privat

Oslo på 1900-talet

– Det er veldig gøy å få vera med i «Kristiania Magiske Tivolitheater», seier ho.

NRK sin nye serie er ein musikalsk julekalendar. Den handlar om den fattige guten Luka, som blir kjend med eit magisk teateret i Oslo i starten av 1900-talet.

Då Andréa Othilie fekk rolla i julekalendaren, tok ho med seg foreldra og flytta til hovudstaden for ein periode. Ho fortel at det har vore spennande månader.

– Eg håpar veldig at dette er noko eg jobbar med også i framtida.