Veit du kva sopp som er livsfarleg?

Sesongen for å plukka sopp er godt i gang, og mange er på kantarell-jakt. Men ver obs på den giftige soppen som veks saman med dei.

Spiss giftslørsopp er namnet på den brune veksten som ofte dukkar opp i same område som traktkantarell.

PASS PÅ: Spiss giftslørsopp er veldig giftig, og sjølv ein liten bit kan føra til langvarig skade og, i verste fall, død. Foto: Tove Jacobsen | Wikimedia Commons

Folkehelseinstituttet var ute med ei åtvaring før sesongen for sopplukking starta. På heimesidene sine fortel dei at det var eit rekordhøgt tal menneske som tok kontakt med Giftinformasjonen om alvorleg forgifting eller uheldig inntak av spiss giftslørsopp.

Å ete spiss giftslørsopp kan i verste tilfelle føre til kronisk nyresvikt. Dette er ein diagnose som vil krevja behandling resten av livet eller ein nyretransplantasjon. Ein nyretransplantasjon betyr at du får ei nyre frå nokon andre gjennom ein operasjon.

Veks saman

Kantarell og traktkantarell er soppar som kan veksa saman med spiss giftslørsopp. Dei liknar ikkje heilt på kvarandre, men dersom du ikkje er ein erfaren sopplukkar, så kan du ta feil.

Kantarellfoto: Andreas Kunze. Traktkantarellfoto: Jerzy Opioła. Henta frå Wikimedia Commons. Redigert i Canva.

Kantarellar og traktkantarellar har ribber under hetta si. Desse formene er meir ujamne og «gaffelforma» enn spiss giftslørsopp sine. Spiss giftslørsopp har nemleg skiver.

Faktisk er det slik at dei soppane i Noreg som er så giftige at dei er skadelege i ein liten mengde, er skivesoppar alle saman.

NOREGS GIFTIGASTE SOPPAR: Her er soppane som skal unngåast. Alle er av typen skivesoppar. Foto: Kvit flugesopp og spiss giftslørsopp: Inger Kristoffersen. Grøn flugesopp og butt giftslørsopp: Holger Krisp. Lepita-slekta: Jerzy Opioła. Flatklokkehatt: Will Kuhn. Henta frå Wikimedia Commons. Redigert i Canva.

Alltid spør ein vaksen

Dersom du syns det er skummelt å plukke sopp, kan det vere lurt å leite etter dei trygge soppane som ikkje er skivesoppar.

ETANDE SOPP: Fåresopp, brunskrubb og bleik piggsopp er alle tre etande soppar. Kvar av dei tilhøyrer si eiga gruppe. Bilete: Fåresopp og brunskrubb av Holger Krisp. Bleik piggsopp av Kristian Bosak. Henta frå Wikimedia Commons. Redigert i Canva.

Når du er ute og plukkar sopp, så sjekk alltid med ein vaksen om soppen er trygg. Dersom de er i tvil, ikkje legg soppen i same kurv som dei soppane du skal ete.

Ikkje et sopp ute i naturen. Soppar må varmebehandlast før ein et dei.

Å ta på giftig sopp er ikkje farleg. For å bli forgifta, må soppen bli eten av og enda opp i fordøyingssystemet ditt.

Nokre stadar i Noreg har eigne soppkontrollørar, men der du ikkje finn dette, kan du sjekka soppen på soppkontroll.no, eller gjennom appen deira.

Dersom du trur du har ete giftig sopp, ring til Giftinformasjonen på 22 59 13 00.

Ved alvorlege symptom, ring 113.