Charlie Kirk fekk eit spørsmål om massedrap i USA då han sjølv blei skoten og drepen av det politiet trur var ein snikskyttar plassert på eit tak 130 meter unna.
Kirk var ein kristenkonservativ politikar som stod nært sonen til president Trump, Donald Trump Jr. Av presidenten blir Kirk kalla den beste politikaren på å få i gang engasjement frå yngre menneske «nokosinne».
I 2020 var han ute og sa at valet som enda i Joe Biden sitt presidentskap, var stole frå Trump.
Engasjert i debatt
I ein video frå Donald Trump, forklarar den 47. presidenten at Kirk var open for diskusjonar.
– Kirk vart med glede med i diskusjonar med alle som var interesserte i ein godsinna debatt, seier Trump.
Presidenten kjem med eit varsel om kva som utløyser slike hendingar.
– Vald og mord er tragiske konsekvensar av å demonisere dei du ikkje er einig med, seier han.
Peikar på den radikale venstrefløya
Politiet har i skrivande stund ikkje fått tak i gjerningspersonen. Trump seier i sin tale at det er radikale personar frå venstresida i politikken som er årsaka.
Politikk er gjerne delt opp i høgre- og venstresida. Dersom nokon er for langt ute på høgresida eller venstresida, vert dei ofte kalla «ekstremistar» og har ekstreme meiningar og haldningar til verda. Desse meiningane kan kome frå eit sterkt ynske om å endre samfunnet, og kan leie til valdshendingar.
– I årevis har dei på den radikale venstresida samanlikna herlege amerikanarar som Charlie med nazistar og verdas verste massemordarar og kriminelle. Det er denne typen haldning som er direkte ansvarleg for terrorismen vi ser i vårt land i dag, seier Trump.
– Det må stoppe no. Administrasjonen min skal finne kvar enkelt av dei som har bidratt til denne grufulle hendinga, åtvarar han.
Ytringsfridom
Trump går vidare med å seie at valdshendingar som dette er angrep på demokratiet og ytringsfridomen. Han seier at han skal stoppe alle som går etter dommarar, rettshandsamarar og alle andre som held ro og orden i landet.
Trump har sjølv tatt avgjersler sidan han vart gjeninnsett som president som blir utfordra som brot på grunnlova til USA. Han har òg prøvd å avsetje fire dommarar.
I starten av året viste det seg at støtte til forsking kunne forsvinne, dersom det handla om tema som presidenten ikkje ville skulle få offisiell støtte.