Frøya (19) og Hashim (20) vert dei yngste på Stortinget

Frøya Skjold Sjursæther (MDG) og Hashim Abdi (Ap) tykkjer det er viktig med unge politikarar på Stortinget.

Dei yngste representantane på Stortinget etter valet:

Frøya Skjold Sjursæther (19) – MDG – Hordaland

Hashim Abdi (20) – Ap – Østfold

Joakim Myklebost Tangen (23) – Frp – Møre og Romsdal

Joel Ystebø (23) – KrF – Hordaland

Maren Grøthe (24) – Sp – Sør-Trøndelag

Simen Velle (24) – Frp – Oslo

Martin Virkesdal Jonsterhaug (25) – Frp – Hordaland

Julia Eikeland (25) – Ap – Rogaland

LES FAKTALUKK FAKTA

Denne saka vart først publisert hjå systeravisa vår, Framtida.no. Dette er ein kortare versjon.

– Å sitte på Stortinget vert den stoltaste og viktigaste oppgåva i livet mitt, som eg tar på djupt alvor.

Ei nervepirrande valvake enda med jubel for Frøya Skjold Sjursæther (19) frå Bergen. Partiet hennar, Miljøpartiet Dei Grøne (MDG), hamna akkurat over sperregrensa, og ho er dermed sikra plass på Stortinget dei neste fire åra, som tidenes yngste.

– Det er kult å vere 19 år og representere ein ungdomsgenerasjon på Stortinget, som er underrepresentert i folkevalde organ, seier ho på telefon til Framtida.no.

– Ny kurs i klimapolitikken

Frøya er letta over at MDG hamna over sperregrensa. Sperregrensa er at eit parti må ha 4 prosent eller meir av folkets stemmer for å få ein av dei 19 utjamningsmandata. 19 av dei 169 stolane i stortingssalen skal fyllast av ein representant frå kvart valdistrikt.

Frøya Skjold Sjursæther har sete skulegangen på pause for å verte fulltidspolitikar. Foto: Eirik Dyrøy Lotsberg

No gler Frøya seg over at partiet kan levere på valløftet om å halde Sylvi Listhaug unna Statsministerens kontor i det beste valet til Framstegspartiet (Frp) nokosinne. Ho har trua på gode gjennomslag hos Støre-regjeringa.

– Vi treng ein ny kurs i politikken, der vi sluttar å forhandle bort klimasaka til fordel for alt anna. Klimakrisa krev handling i dag, og eg er gira på å vere med og kjempe for å imøtegå henne med konkret politikk, seier ho.

Bustad, skule og psykisk helse

I alt åtte representantar som er 25 år eller yngre får fast plass på Stortinget dei neste fire åra. Mellom dei finn vi også FpU-leiar Simen Velle og tidlegare KrFU-leiar Joel Ystebø.

Frøya understrekar tydinga av ung representasjon på Stortinget.

– Vi treng unge representantar som forstår problema vi unge står overfor: psykisk helse, bustadmarknaden, skulepolitikken og ei klimakrise som vil påverke ungdomsgenerasjonar framover, seier ho.

– Surrealistisk

Også arbeidarpartipolitikar Hashim Abdi (20) frå Fredrikstad kunne juble då valresultatet var klart måndag kveld. Han vert den nest yngste på Stortinget.

– Det er heilt surrealistisk! Det har ikkje gått heilt inn på meg, seier han på telefon til Framtida.no dagen etter valet.

Hashim Abdi (Ap) skal møte på Stortinget dei neste fire åra. Foto: Privat

– Dette er eksamen i demokrati, og eg er utruleg takksam for å få lov til å vere med.

– Om valet er eksamen, må vel stortingsplass reknast som toppkarakter?

– Ja, det kjennest sånn. Eg er son av ein taxisjåfør og ei vaskehjelp. Det er noko supervakkert med at ein 20 år gammal gut frå Fredrikstad kan komme inn på Stortinget. Det er historia om eit Noreg med moglegheiter for alle. Det er det vakraste med det heile, seier han.

Hashim har sete i bystyret i Fredrikstad sidan kommunevalet i 2023. Dei siste åra har han dessutan studert økonomi i Oslo. Han spår ei bratt læringskurve som fersk på Stortinget.

Hashim Abdi (t.h.) og samferdsleminister Jon-Ivar Nygård jubla over valresultatet på valvaka. Foto: Privat

Som ein fersking i toppolitikken meiner han at hans største fordel er at han ikkje har nokon stor posisjon i partiet.

– Mitt utgangspunkt er at eg er valt inn for fire år, og oppgåva mi er å gjere livet betre for dei som eg stilte til val for: unge i Østfold som lever i utanforskap. Eg har ein veldig spesifikk jobb å gjere, seier han.

Betre kommuneøkonomi

Det er nettopp kampen mot forskjells-Noreg som er hjartesaka til Hashim. Han meiner den beste reiskapen staten har i den kampen, er kommuneøkonomien.

– Det er i Kommune-Noreg forskjellane møtest og vert utfordra. Kommunane er førstelina mot utanforskap. Skal vi klare den kampen, må vi styrke rammene til kommunane, seier han.

Også Hashim understrekar tydinga av unge representantar på Stortinget. Han viser til at hans generasjon lever i ei heilt anna verkelegheit enn mange av dei andre på Stortinget.

– Erna Solberg vart vald inn på Stortinget det året Berlinmuren fall!

Berlinmuren falt i 1989.