Denne saka vart oppdatert morgonen 10. september med den nye mandatfordelinga.
Måndagskveld fann vi ut kor mange stemmer partia i Noreg fekk under stortingsvalet. Avhengig av kor mange stemmer kvart parti får, får vi vite kor mange mandat frå kvart parti som skal sitje i stolane på Stortinget.
– Visste vi måtte gi alt
Då Jonas Gahr Støre gjekk på talarstolen seint måndagskveld, var det til stor glede for salen. Salen ropte orda «fire nye år».
– Kjære alle saman, starta den attvalde statsministeren to gongar, før han spøkefullt heldt fram med «No må vi kome i gang med dei fire nye åra» for å få ro i salen, så han kunne byrje å prate.
– Vi visste at det kom til å bli tøft, og det blei tøft. Vi visste det kom til å bli jamt, og det blei jamt. Og vi visste at vi måtte gi alt, og vi gav alt. Derfor er det fantastisk å stå saman med dykk og sei at vi klarte det! seier ein energisk statsminister til stor jubel.

Meir bøker og mindre skjerm
På fredag vann Arbeidarpartiet også Barnas Val. Ein av grunnane til dette kan handle om det partiet ønskjer seg for skulen.
– Meir lesing og mindre skjermbruk så barn lærer meir i skulen, sa Jonas då han vann stortingsvalet på måndag.
Han nemnde også at partiet ville kjempe for høgare aldersgrense på sosiale medium, nemleg ei 15-års aldersgrense.
Eit raudgrønt fleirtal – kva betyr det?
Det vart eit jamt val, og det betyr at Arbeidarpartiet er nøydde til å samarbeide med fleire parti på den raudgrøne sida. Faktisk er dei nøydde til å samarbeide med alle raudgrøne parti – Raudt, Sosialistisk Venstreparti, Miljøpartiet Dei Grøne og Senterpartiet.
Stortingssalen har 169 sitjeplassar som skal fyllast. Personane som sit i desse stolane er kalla mandat frå dei ulike partia. Dei skal representere sine parti. I dette rommet stemmer kvart mandat på dei ulike sakene som kjem opp. For eksempel om det skal bli gratis mat på skulen.
Av desse 169 mandata, har Arbeidarpartiet fått 53 sitjeplassar for sine representantar. Framstegspartiet, som er eit parti frå høgresida, fekk nest flest mandat: 47. For å sikre fleirtal i regjering, må ein ha 85 stolar.

Når Arbeidarpartiet med sine 53 mandat slår seg saman med dei raudgrøne, får dei til saman 88 mandat. Derfor er Arbeidarpartiet avhengig av eit samarbeid med dei andre raudgrøne, for å overgå høgresida sine samanlagde 81 mandat. Då er det Framstegspartiet, Høgre, Venstre og Kristeleg Folkeparti som er rekna inn i dei 81 mandata.






















