Ny regel: 16-årsgrense på energidrikk

Frå nyttår blir det forbode å kjøpa energidrikk før du er 16 år. Det har regjeringa bestemt.

Helseminister Jan Christian Vestre seier at energidrikk kan gi uro, søvnproblem og vera skadeleg for kroppen. Mange fekk seia si meining då forslaget var ute på høyring, og dei fleste var samde i at det burde vera ei aldersgrense.

Høyring tyder at regjeringa sende ut eit forslag til ulike organisasjonar, fagfolk og folk flest, slik at dei kunne seia meininga si før forslaget blir bestemt.

Nokon meiner likevel at grensa burde vore 18 år. Legeforeininga meiner at energidrikk kan vera farleg for unge som drikk mykje, skriv VG.

Butikkar som sel til barn under 16 år, får først ei åtvaring. Seinare kan dei få bot.

Er du einig i at det bør vera 16-årsgrense på energidrikk?

Er du einig i at det bør vera 16-årsgrense på energidrikk?

Ja, det er lurt0
Nei, alle bør få kjøpe0
Det burde vore 18-årsgrense0
Eg veit ikkje0
Svar totalt: 0