Blir ikkje aldersgrense for energidrikk

Helse- og omsorgsdepartementet vil droppe aldersgrense, men innfører ei maksgrense på kor mykje koffein energidrikka kan innehalde.

Det blir ikkje aldersgrense for å kjøpe energidrikk i Noreg. Dette fortel Anne Bramo, statsekretær i Helse- og omsorgsdepartementet til Dagbladet.

Grensa vil vere på maks 32 milligram koffein per 100 ml drikke.

– Det er stort sett berre denne type drikke som blir solgt i Noreg, men i utlandet kan ein kjøpe energidrikke som inneheld nesten dobbelt så mykje, forklarer Ellen M. Bruzell til Dagbladet.