Demokrati og stemmerett
Stemmeretten og demokratiet som vi kjenner i dag har utvikla seg sidan Noreg innførte si grunnlov i 1814. I starten var det berre menn over 25 som var bønder, kjøpmenn eller embetsmenn som fekk stemme. Så blei stemmeretten gradvis utvida. I 1913 kom stemmeretten for kvinner også.
Aldersgrensa endra seg frå 25 år til 18 år i 1978. No er det slik at det året du fyller 18 er første året du kan stemme. Det vil seie at dei som er fødd i 2015 kan stemme ved stortingsvalet i 2033.
2025 er eit nytt valår for kven som skal styre landet vårt dei neste fire åra. Stortingsvalet står kvart fjerde år, og no kan du fort snuble over stands på gata frå dei ulike partia.
Finn ut kven som passar dine meiningar
Sjølv om du under 18 ikkje kan stemme i sjølve stortingsvalet, kan du vere med og stemme i eit anna val. Redd Barna har si heilt eiga avstemming som lar barn og unge stemme fram det partiet dei likar best. Sjølv om stemmene ikkje påverkar valresultatet for stortingsvalet, så er det viktig for partia å sjå kva barn meiner.
Prosjektet til Redd Barna heiter «Barnas Val».

Vil at barn skal engasjere seg og stemme
Barnas Val er viktig for at barn og unge skal få ei betre forståing for samfunnet og demokratiet vårt. Det skriv Emilie Forbes Holmen i eit innlegg om det komande valet.

Måten å forsikre seg om at nettopp denne forståinga kan skje, er ved å la barn og unge «delta, stille spørsmål og bli tatt på alvor.»
Emilie er prosjektleiar for Barnas Val.
– Vi i Redd Barna har utvikla Barnas Val fordi vi veit at barn som engasjerer seg i dag, blir aktive medborgarar i morgon, forklarar ho.
Ho oppfordrar lærarar, foreldre og elevar til å diskutere meiningane sine. Då kan dei òg øve på å gi rom til andre så dei kan fortelje kva dei meiner.
Avstemminga blir talt opp 5. september. Då vil stortinget få vite kven barn og unge ønskjer skal styre i Noreg.
Eigen valomat
Veit du ikkje kva parti du er mest einig i? Det har prosjektet løyst: På sidene sine har dei lagt ut ein heilt eigen valomat. Ein valomat er ein slags kviss som gir deg svar på kva parti som kan passe for dine meiningar.