Kva vil du seie til barn i Noreg som kjenner seg redde for det som skjer mellom Iran og Israel?
– Det er ingen grunn til å tru at denne krigen kjem til Noreg. Dette er ein krig i Midtausten. Han er veldig alvorleg for dei landa som er direkte med, og for nabolanda.
Blir det ein ny verdskrig?
– Eg trur ikkje det blir verdskrig no. Mange land, også Noreg, jobbar for at det ikkje skal skje. Vi gjer alt vi kan for at landa skal roe seg og snakke saman i staden for å kjempe mot kvarandre.
LES OGSÅ: Kva skjer mellom Iran og Israel – og treng me å vera redde for ein ny verdskrig?
Kva kan du gjera om du blir redd?
- Snakk med ein vaksen – foreldre, lærar eller søsken kan lytta og forklara.
- Ta pause frå nyheiter. Det hjelper å gjera noko hyggjeleg – lesa, leika, teikna, vera med venner.
- Hugs at Noreg er eit trygt og demokratisk land, og at det finst gode samarbeid mellom land som jobbar for fred.
- Tenk på at mange land, som Noreg, EU og FN, gjer sitt beste for å unngå krig.
- Tenk på at nasjonane har gode planar for å verna seg – som våpensamarbeid i NATO.