Kroatia er endeleg fritt for landminer

Etter over 30 år med farlege landminer er Kroatia no erklært trygt. Det betyr at folk kan venda heim igjen.

Over 30 år etter krigen i Kroatia er landet no erklært minefritt, skriv Verdens Beste Nyheter.

Ei landmine er ein type bombe som ligg skjult i bakken. Landmina kan eksplodera om nokon trakkar på ho eller kjem borti ho. Derfor er miner veldig farlege, også lenge etter at ein krig er over.

Under krigen på 1990-talet vart det lagt ut mange miner i Kroatia. I mange år har det vore farleg å bevega seg i enkelte område.

No er alle miner fjerna etter fleire tiår med rydding.

Kan venda heim igjen

Når miner blir fjerna, blir det trygt for menneske å bu og leva der igjen. Det betyr at familiar kan flytta tilbake til heimane sine, og lokalsamfunn kan byggjast opp igjen.

Å fjerne miner tek lang tid og er farleg arbeid. Men det er viktig for å skapa tryggleik etter krig.