Nokon er morosame, nokon er alvorlege, og alle handlar om berekraft på ulike måtar. Kanskje finn du den neste favorittboka di her:
Pappa og andre terrorister
Boka byr på intenst spennande lesnad og er ein hyllest til barns engasjement og klimakamp.
Boka handlar om Erle som berre vil ha ein heilt vanleg ferie, slik vanlege folk har. Til Syden, til dømes! Men i staden tek pappa henne med på jobbtur til London. Han er journalist og skal dekkja klimatoppmøtet. Så smell det ei bombe like i nærleiken, og pappa forsvinn! Kva skjer? Storbyen er full av demonstrantar og klimaaktivistar som desperat prøver å få leiarane i verda til å innsjå alvoret. Men kor langt er dei villige til å gå? Og kva visste pappa eigentleg – tenk om han er terrorist?
Forfattar: Ingvild Bjerkeland
Forlag: Cappelen Damm
Alder: 9 +
Språk: Bokmål
Må vi slutte med olje
Denne boka er ei faktabok der lesaren får vita korleis olja vart oppdaga, korleis me hentar den opp og kva me bruker olje og gass til. Fossil energi er ekstremt nyttig, men han forureinar – og klimaendringar skaper problem for folk i heile verda. Nokon meiner me må slutta med olje så fort som mogleg. Andre seier at det er heilt umogleg, og heller ikkje særleg lurt. Kvifor er det så vanskeleg å slutta med olje og gass? Og kva kan me eigentleg gjera i åra framover?
Forfattar: Anne Karin Sæther
Illustratør: Kristine Sand
Forlag: Cappelen Damm
Alder: 9 +
Mirakelpulveret
Hele livet har Lucy drøymt om ein bestefar som kan passa på henne, baka bollar og servera kakao med krem. Men når den lenge sakna Bestefar von Humbug dukkar opp, forstår Lucy raskt at han ikkje er som andre bestefedrar. Bestefar er nemleg oppfinnar og omreisande, og mest av alt er han glad i å tena raske pengar. Koste kva det koste vil! Boka utforskar korleis små, nytenkjande tiltak og økologisk teknologi kan føra til store framsteg som gir meir berekraft. Samtidig oppmodar boka til at samfunnet må endrast for ein grønare og meir ansvarleg framtid.
Forfattar: Karen Kilane
Illustratør: Hans Jørgen Sandnes
Forlag: Cappelen Damm
Alder: 9 +
Klodeklubben
Klodeklubben er ein spenningsserie for barn skrive av Ruth Lillegraven og illustrert av Jens Kristensen, og bøkene er gitt ut på Det Norske Samlaget . Serien passar for barn frå 6 år og oppover, og kombinerer mysterium med miljø- og klimatematikk. Hovudpersonane i serien er Vanja, Sivert og Mo, tre venner som bur i ei lita bygd på Vestlandet. Saman dannar dei “Klodeklubben” og løyser ulike miljømysterium. Bøkene tek opp tema som oljesøl, forsøpling, ulovleg fiske og annan miljøkriminalitet.
Forfattar: Ruth Lillegraven
Illustratør: Jens Kristensen,
Forlag: Samlaget
Alder: 6 +
La skogen leve
Dei vaksne vil gjera om skogen utanfor skulen til parkeringsplass, og Bao skjønner at det er ho som må setja ned foten! Ho organiserer eit opprør for å redda skogen, og dreg med seg bestevennene Tuva og Linnéa. Men forstår Abdi og dei andre gutane i B-klassen kvifor det er viktig? Og korleis får ein eigentleg dei vaksne til å skjønna alvoret når ein berre er 12 år?
Forfattar/illustrasjonar: Nora Dåsnes
Forlag: Aschehoug
Alder: 9 +
Redd Helle
Helle liker best å spela fotball med bestekompisen sin Lars, men då ho blir sett på gruppe med Nadia og skal skriva ei oppgåve om klima, blir alt det vanlege plutseleg veldig uvanleg.
Gradvis blir verda skumlare, og gradvis flyttar ho inn på kottet på rommet sitt, og vidare inn på iPaden. Kva er det med Nadia som gjer at ho blir ein annan enn den ho har pleidd å vera? Og kva er med eigentleg med verda, som berre byr på dårlege nyheiter?