BOKTIPS: Bøker om skeiv kjærleik

Det er juni! Det er Pride! Her kjem boktips til herleg skeiv sommarlesing!

Regnbuesommer

Omslag: Tiril Valeur / Vigmostad Bjørke
Forfattar: Camilla Otterlei
Illustratør: Tiril Valeur
Passar for: 6 – 11 år
Forlag: Vigmostad Bjørke
Målform: Bokmål

Det er sommar. Simone kjedar seg medan ho tel ned til vennene kjem heim frå ferie. Men så blir ho kjend med gamle onkel Henry og den nye naboguten Aaron. Aaron er den kulaste Simone har møtt! Ho blir heilt rar inni seg når han smiler til henne.

Kan vi bare late som

Omslag: Vigmostad Bjørke
Forfattar: Camilla Sandmo
Passar for: 11 – 13 år
Forlag: Vigmostad Bjørke
Målform: Bokmål

Når Emma ikkje speler Sims eller drøymer om å bli ein berømt bloggar, driv ho med kunstløp. Punktum. Meir er det ikkje tid til. Jossi driv med hockey og er først og fremst opptekne av å ha det gøy på isen. Etter eit veddemål utviklar det seg langsamt ein vennskap mellom dei to. Men alt er ikkje på plass i Jossis verda.

Stolt

Forfattar: Benjamin Silseth
Illustratør: Kine Yvonne Kjær
Passar for: 9 – 13 år
Forlag: Cappelen Damm
Målform: Bokmål

Stolt er ei bok om å vera skeiv i Noreg både før og no, om korleis ein kan vera ein god støttespelar og venn, om kjønnsidentitet, kjærleik og seksualitet, og om viktige personar som har gått føre i kampen for rettane til homofile.

Jenny Fender

Omslag: Gyldendal
Forfattar: Heidi Marie Vestrheim
Passar for: 9 – 13 år
Forlag: Gyldendal
Målform: Nynorsk

Bandet er kaputt, ferien er kaputt, livet er kaputt. Signe er borte, og Jenny Fender er aleine igjen i bygda. Det er nesten så ho blir heilt deprimert. Dessutan er den nye naboen kjempeirriterande, med rocka sveis og trommesett i kjellaren. Ho spradar rundt med det skeive smilet sitt og gjer Jenny heilt svimmel. Dette blir verdas VERSTE sommar … eller?

Hjertestopper-serien

Omslag: Alice Oseman / Gyldendal
Forfattar: Alice OsemanGyldendal
Passar for: 10+ år
Forlag: Gyldendal
Målform: Bokmål

Hjertestopper er ein varm og viktig teikneserie som på kort tid har vorte eit fenomen og ein bestseljar. Teikneserien er skapt av Alice Oseman, og serien er også adaptert til TV-serie på Netflix: Heartstopper.

Kampen

Omslag: Samlaget
Forfattar: Geir Egil Eiksund
Passar for: 9 – 12 år
Forlag: Samlaget
Målform: Nynorsk

I Kampen møter vi Andreas som er 11 år. Handlinga går føre seg i ei lita bygd, og det er sommarferie. Andreas gler seg til å spele fotball saman med besteveninna Sara og nokre andre frå klassa. Plutseleg dukkar det opp ein ny gut som heiter Viljar. Andreas kjenner at han blir rar og varm når Viljar er i nærleiken. Samstundes får Andreas fleire hjartemeldingar frå Sara. I løpet av nokre utfordrande sommardagar må Andreas bli kjend med seg sjølv på nytt. Som lesarar vert vi inviterte med inn i tankane til Andreas

Dumme dumme hjarte

Omslag: Samlaget
Forfattar: Linda klakken
Passar for: 9 – 12 år
Forlag: Samlaget
Målform: Nynorsk

I byrjinga av boka tykkjer Klara at kyssing er ekkelt. Ho grøssar av synet av Romeo som kyssar Julie på teateret. Æsj! Spytt og greier! Men so hender det, slik det gjerne gjer i den alderen, noko som gjer at ho sjølv får lyst til å kyssa: Det byrjar ei ny jente i klassen. Marie heiter ho, og ho er det finaste Klara har sett. Ho dansar som ei gudinne og ser heilt nydeleg ut. Klara vert hovudstups forelska.

Benny Bark-serien

Forfattar: Tom Erik Fure
Illustratør: Fredrik Edén
Passar for: 9 – 12 år
Forlag: Cappelen Damm
Målform: Bokmål

Det er sommaren før ungdomsskulen, og Benny har vorte tenåring. Hormon løper løpsk og før han veit ordet av det, tek sommarferien brått ei uventa vending då foreldra hans overraskar han med ein ferietur til Vulkanaria, eit lite øyparadis like utanfor Gran Canaria. Og denne gongen skal så å seie alle han kjenner vera med!

Vente på vind

Omslag: Samlaget
Forfattar: Oskar Kroon
Passar for: 9 – 12 år
Forlag: Samlaget
Målform: Nynorsk

Ein dag dukkar det opp ei jente på stranda der båten ligg. Ho har svart hatt og heiter Rut. Ho er verbal, vill og grinete. Det verkar som ho hatar å måtte vere hos mormor, som eig butikken, på den vesle øya. Det einaste Venge og Rut verkar å ha til felles, er at dei er jamaldringar og tilfeldigvis på same stad. Dei markerer seg, ignorerer og utfordrar kvarandre. Men så kjem kysset med alt det diffuse og vedunderlege som det fører med seg.

Passe happy

Omslag: Samlaget
Forfattar: Kari Stai
Passar for: 9 – 12 år
Forlag: Samlaget
Målform: Nynorsk

Det er komen ein ny gut til klassen, Hugo, som har budd i New York og er kul og trygg, nett som Juri skulle ønskje at han var. Og midt opp i alle desse vennegreiene må Juri finne ut av korleis han skal takle at pappa har flytta ut heimanfrå. Juri likar best at alt er som det alltid har vore, men no er både han og alt anna i endring. Samstundes skjer det også fine ting i livet hans, og sjølv om ytterpunkta i kjenslene ligg langt frå kvarandre, ønskjer han stort sett berre å vere sånn passe happy.