Boktips med grøss og gru til påskeferien

Me har samla 14 grøss- og spenningsbøker du kan sjekka ut i påska!

Grøss og gru-serien

Forfattar: Selma Lønning Aarø

Alder: 12+, nynorsk

Forlag: Samlaget

Bokomslag: Samlaget

Grøss og gru-serien er lettlesne spenningsbøker! I desse bøkene finn du mange uløyste gåter og uventa hendingar, og sjølvsagt noko overnaturleg.

 

Klodeklubben-serien

Forfattar: Ruth Lillegraven

Illustratør: Jens Kristensen

Alder: 6–9 år, nynorsk

Forlag: Samlaget

Bokomslag: Samlaget

I «Klodeklubben» finn vi Vanja, Sivert og Mo. Dei bur i ei lita bygd på Vestlandet. Men sjølv på ein liten stad kan mystiske ting skje. Bli med dei tre vennene på jakt etter miljøskurkar.

 

Trollmoll

Forfattar: Åshild Moldskred

Alder: 9–12 år, nynorsk

Forlag: Samlaget

Bokomslag: Samlaget

Birk og mora flyttar frå byen til morfaren som bur på ei forblåst vestlandsøy. Birk saknar kompisane sine og gruer seg til eit kjedeleg liv på landet. Men snart begynner mystiske ting å skje.

 

Søsteranarkistane

Forfattarar: Sturla Bang og Hilde K. Kvalvaag

Alder: 12+, nynorsk 

Forlag: Samlaget

Bokomslag: Samlaget

Historia om barneheimsjenta Ela, som gjer opprør mot tyrannen Ingmor, er no fullført. I «Søsteranarkistane» er alle tre bøkene, «Under», «Over» og den nye forteljinga «Ut», samla i éi pocketbok.

 

Noor og miniatyren

Forfattar: Julia Kahrs

Alder: 9–13 år, bokmål

Forlag: Gyldendal

Bokomslag: Gyldendal

Ein ganske alminneleg dag oppdagar Noor noko heilt ualminneleg i kjellaren. Ein miniversjon av seg sjølv! Kvifor i alle dagar har Noor fått ein miniatyr?

 

Alvin Griff-serien

Forfattar: Arne Svingen

Illustratør: Eivind Gulliksen

Alder: 6–9 år, bokmål

Forlag: Gyldendal

Bokomslag: Gyldendal

I den nyaste boka i serien, «Flukten til verdsrommet», gøymer Elvin og Lydia seg i skogen. I ein hemmeleg, underjordisk base møter dei menneske som har budd der nede i fleire år. Men kor er alle barna? Og kva er det som skjuler seg i den store hangaren?

 

Beistet og Bettina- serien

Forfattar: Jack Meggitt-Phillips

Alder: 9–13 når, bokmål

Forlag: Gyldendal

Bokomslag: Gyldendal

Bok tre, «Det store slaget», er den nyaste boka i denne serien. Det same beistet som har prøvd å eta Bettina ikkje éin, men to gonger, sit no trygt bak lås og slå. Men kanskje finst det ein veg ut av fengselet, for beistet ser nemleg ut til å ha vorte snilt. Det lovar på tru og ære at no er det berre gode gjerningar som gjeld – kors på halsen! Ein skulle nesten tru at det fæle monsteret er heilt borte. Men rumlar ikkje den skumle magen veldig høgt?

 

Invasjonen

Forfattar: Rut Granli

Alder: 9–13 år, bokmål

Forlag: Gyldendal

Bokomslag: Gyldendal

Når mystiske, lysande skapningar byrjar å innta skulen, skjer det endeleg noko spennande i livet til Justyna. Ho har ønskt seg at det skal skje noko action, ein katastrofe, kva som helst! Saman med vennene må ho finna ut av kva desse lysa er.

 

Atmosfærebarna

Forfattar: Nicolai Houm

Illustratør: Luis Antonio Guaragna

Alder: 9–13 år, bokmål

Forlag: Gyldendal

Bokomslag: Gyldendal

Over skyene, på Atmos, bur bestevennene Akai og Juli. Då luftskipet deira må ned mot jorda for å samla ressursar, hoppar plutseleg Akais hund, Nova, over bord: og liva til Akai og Juli blir endra for alltid. Akai og Juli bestemmer seg etter kvart for å finna Nova blant jordas farlege ruinar – men nede på bakken blir dei jakta, og er dei eigentleg heilt åleine?

 

Dødsengelen

Forfattar: Johan Rundberg 

Alder: 9–12 år, bokmål

Forlag: Cappelen Damm

Bokomslag: Cappelen Damm

Dødsengelen er den tredje, frittståande, delen i Stockholm-serien. Ei natt blir Mika oppsøkt av leiaren for den kriminelle gjengen Jentene. Ho vil visa henne eit makabert funn. Samtidig ber konstabel Valdemar Hoff om hjelp med ei anna sak – ei jente frå eit finare strøk har vorte rapportert sakna. Spora frå begge sakene leier inn i eit mørke som skjuler ein forferdeleg løyndom.

 

Grøsserne-serien

Forfattar: R. L Stine

Alder: 9–12 år, bokmål

Forlag: Cappelen Damm

Bokomslag: Cappelen Damm

R.L. Stines populære serie Grøsserne har gitt barn og unge gåsehud og hjartebank i fleire tiår. Nå er serien endeleg tilbake i ny drakt, til glede for nye lesarar og gamle fans! Denne vinteren blei de fire første bøkene i serien relansert og totalt skal 20 av bøkene gjenutgis.

 

Det spøker på fjellet

Forfattar: Sidsel Jøranlid

Alder: 8–10 år, bokmål

Forlag: Cappelen Damm

Bokomslag: Cappelen Damm

Mamma har arva ei hytte etter onkel Gunnar. Simon og familien har berre vore der nokre få gangar. Men kvar einaste gong dei kjem opp på hytta, får Simon ein ekkel følelse. No er det påskeferie og endeleg møter Simon og søstera Sanne nokre andre barn. Men kva er det eigentleg som føregår i den forlatne fjellstua over vegen? Og er det ikkje noko rart med barna dei møtte..?

 

Udyr

Forfattar: Ingvild Bjerkeland

Alder: 10–14 år, bokmål

Forlag: Cappelen Damm

Bokomslag: Cappelen Damm

Kva skjer viss samfunnet plutseleg bryt saman, noko skummelt og ukjent truar og alle er redde for alle? Abdi (13) og veslesøster Alva må rømme gjennom skogen etter at sivilisasjonen rundt dei kollapsar og mor deira – og mange andre – blir drepen av nokre skumle og ukjente udyr.

 

LasseMajas detektivbyrå-serien

Forfattar: Martin Widmark

Alder: 6–9 år, bokmål

Forlag: Cappelen Damm

Bokomslag: Cappelen Damm

Ein av Sveriges største barneboksuksessar gjennom tidene fyller 20 år i 2023! Det nyaste tilskotet i serien er «Karnevalsmysteriet». Det er den 31. boka om Lasse og Maja.