I kvart reir legg vepsemora eitt egg og eit lamma insekt som mat til babyen. Byttedyret lever framleis, men kan ikkje røra seg.
– Byttedyret lever framleis, men er lamma av nervegift, seier insektforskar Frode Ødegaard til Ung.Forskning.no.
Byttedyret er lamma med eit stikk frå giftbrodden og slept ned i eit hol mora har grave ut i marka. Ho legg eit egg på bytet før ho forseglar opninga og flyg vekk. Byttedyr kan vera til dømes edderkoppar, knelarar, bladlus, fluger, sommarfuglar, bier, grashoppar og sirissar.
Vepsemora lagar mange slike reir og hugsar akkurat kvar baby er. Ho veit også kven som treng mat først, og kven som kan venta litt.
– Det er utruleg at ein så liten hjerne kan gjera noko så avansert, seier professor Jeremy Field til Ung.Forskning.no. Han har forska på vepsane.