Ormehovudet ser ut som ein spiral og sat heilt fremst på skipet. Då skipet vart grave opp i 1904, hadde hovudet falle av. Sidan då har det originale ormehovudet vore gøymt, fordi det er veldig lett å øydeleggja.
− Det kjem frå det mest ikoniske funnet frå vikingtida, seier arkeolog Hanne Lovise Aannestad til NRK.
Ein kopi er festa på Osebergskipet som står utstilt i Vikingskipshuset på Bygdøy i Oslo. Men no får folk endeleg sjå det ekte ormehovudet. Først blir det vist på Historisk museum, og seinare skal det stå i det nye Vikingtidsmuseet.
Det skal ikkje setjast tilbake på skipet, men liggja trygt i ein glasmonter.
− Å rekonstruera det her på Osebergskipet ville vore som å setja på ein peparkakevariant, og då veit du at han ville falle i bakken. Derfor ligg det mykje tryggare i ein monter, siger Aannestad.
