Gorillaer med mange vener blir meir stressa

Forskare har funne ut at gorillaer med mange vener ikkje alltid er dei sunnaste.

– Å ha mange venner er ofte ein fordel, men ikkje alltid, seier forskaren Robin Morrison til avisa The Guardian.

Hoer med mange venner i små grupper vart til dømes sjeldan sjuke. Samtidig hadde dei ikkje så mange ungar. I større grupper vart hoene med mange venner oftare sjuke, men dei fekk også fleire ungar.

Mange venner såg derimot ikkje ut til å gjera hannane noko mindre sjuke. Dei vart litt oftare sjuke når dei hadde mange venner.

Meir stressa

Forskarane trur at hann-gorillaene som har mange vener, må passe på fleire, og då blir dei meir stressa. Det kan gjere at immunforsvaret fungerer dårlegare.

Immunforsvar er kroppen sitt system for å stoppe sjukdom.