Louis bur i Philadelphia Zoo der han gjer alt han kan for å halde seg rein og fin. Spesielt om bakken er våt, eller han har ein matbit i handa, går han på to bein, skriv DOGO News.
Ifølgje ein av dei som jobbar i dyreparken, er Louis veldig nøye på om han er skitten eller rein. Om det kjem ei regnbyge står han helst under tak. Og om han ved eit uhell får leire på seg, finn han eit blad eller ein papirpose for å tørke seg.