Den internasjonale familiedagen: Kva betyr familie for deg?

15. mai er den internasjonale familiedagen. Her svarer fire elevar på 6. trinn ved Vinderen skole på kva familie betyr for dei.

Den internasjonale familiedagen

Kvart år blir 15. mai markert for å understreke den viktige rolla familien har i å skape trygge og gode liv. Familien dannar utgangspunkt for alt sosialt liv og familien skal sørgje for at alle familiemedlemmane har det bra. Difor jobbar FN for at statar skal leggje til rette for at familiar skal fungere best mogleg, noko om blir sett ljos på denne dagen.

Kjelde: FN.no

LES FAKTALUKK FAKTA

Erle Røsholt Bakken (12)

– Ein familie treng ikkje å vere knytt saman av blod, sidan det finst familiar med adopterte barn. Det å vere ein familie handlar om å ha nokon som passar på deg, så du har det bra. For meg betyr familie veldig mykje, fordi dei er støttande, både når eg har ting eg gruar meg til eller gler meg til. Familien motiverer meg og gjer så eg får betre tankar om korleis ting kjem til å gå. Det er viktig å ha familie for å alltid vite at det er nokon som støttar deg uansett kva.

Alfred Hansson (11)

– Ein familie er to foreldre og kanskje nokre barn. Ein familie kan også vere ein eller to foreldre med hund eller katt. Familien kan gjere meg sur, glad, kjempeglad, overraska, frustrert, lei meg og mange fleire ting. Eg kan bli sur og lei meg når eg synest noko er urettferdig, som for eksempel når bror min får noko eg ikkje får. Men familien gjer meg nesten alltid glad. Det er godt å ha foreldra og veslebroren min. Familie er viktig for at barn skal få ein god oppvekst, vere glade og lære seg ting ein ikkje får lært på skulen.

Hennie Fostad Salvesen (11)

– Ein familie er menneske som stolar på kvarandre og ein kan vere seg sjølv med familien. Nokre gonger kan ein krangle i familien, men det er ofte fordi ein stoler på kvarandre. I familien min har eg mamma, pappa, ei storesøster og ein storebror. Eg er veldig glad i familien min og dei betyr mest for meg i heile verda. Familien min stiller alltid opp for meg og eg stolar veldig på dei – dei er dei tryggaste eg kan vere med. Sidan eg berre er eit barn er familie veldig viktig fordi dei passar på meg og gjer at eg veks opp trygt.

Oscar Lund Hermanrud (12)

– Ein familie er to personar som blir glad i kvarandre og som etter kvart blir kjærastar. Når dei etter kvart får barn, blir dei ein familie. Ein kan også vere familie med adopterte barn. For meg betyr familie kjærleik og at vi er glade i kvarandre. Familie handlar òg om å føle seg trygg der ein bur og at alle hjelper kvarandre med å ha det bra, slik at ingen er lei seg og har triste tankar. Familie er viktig, for då har ein nokon som er glad i deg og vil ta vare på deg.