Slepp tannkosten ut mikroplast?

Forskarar ville finna ut om tannkostar kan sleppa ut mikroplast. Mikroplast er bitte små plastbitar du ikkje kan sjå.

Forskarane frå Australia og Kina ville finne ut kva som skjer med plasten i tannkostar når me pussar tenna.

– Dei testa både ein vanleg og ein elektrisk tannkost, seier kjemikar Alexander Sandtorv til Ung.Forskning.no.

Og konklusjonen blei at begge tannkostane slapp frå seg mikroplast. Men testen vart gjord i eit laboratorium. Me veit ikkje heilt kva som skjer heime på badet.

– Her må me ha meir forsking før me kan seia noko sikkert, seier kjemikaren.

Plast overalt

Folk blir ofte overraska over kor mykje plast me har rundt oss – i klede, teposar og no tannkostar.

– Me må finna ut kvar mikroplasten kjem frå og kor mykje me får i oss. Då kan me ta betre val, seier Sandtorv.

Kva bør me gjera?

Nokon bruker ein kvist som heiter miswak i staden for tannkost. Den er naturleg og drep bakteriar, men er ikkje like god til å nå bakarst i munnen.

– Eg tilrår ein mjuk plastbørste med tannkrem og tanntråd, seier professor Aida Gacic Mulic til Ung.Forskning.no.

Ho håpar me finn plastfrie løysingar i framtida.