Ei ny undersøking viser at over 40 prosent av dei som handlar på Temu og Shein i Noreg, kjenner seg litt urolege for å handla der. Nokon lurer til dømes på om varene blir laga på ein rettferdig måte, om dei er trygge å bruka, eller om miljøet tek skade av den billige handelen, skriv E24.
Tenkjer på lommeboka
Så kvifor held folk fram med å handla, når så mange er bekymra?
– Mange er nok villige til å strekkja seg langt for å gjera gode kupp, seier Christoffer Reina, sjef i Prisjakt, til E24.
Christoffer forklarer at mange tenkjer meir på lommeboka enn på samvitet. Det betyr at folk vel dei billigaste varene, sjølv om dei veit at det kanskje ikkje er det beste for verda.
Undersøkinga, som blir kalla «Forbrukarkompasset», viser at det er fira ting som nesten halvparten av alle Temu- og Shein-kundar seier at dei har kjent på uro for:
- Helseskadelege kjemikaliar i produkta (49 prosent)
- Låg kvalitet på produktet (46 prosent)
- Uetiske arbeidsforhold (44 prosent)
- Ikkje berekraftig for miljøet (43 prosent)
Berre seks prosent har svart at dei ikkje har nokre bekymringar.