Startar julehandelen tidlegare

På grunn av korona, starta nordmenn med julehandel tidlegare i år.

Dei foreløpige resultata frå julehandelen på kjøpesenter i Noreg mellom 16. og 22. november, viser ein auke på 18,8 prosent, mot same veke i 2019.

Det betyr at det er 18,8 prosent fleire som er innom eit kjøpesenter og brukar pengar, enn det var for eit år sidan.

Korona har skulda

Virke.no skriv at veksten verkar å skuldast at mellom anna fleire startar julehandelen tidleg, på grunn av korona.

Butikkane som har størst vektst, er dei der du kan handle ting til huset og heimen.

Omsetninga i desse butikkane auka med heile 44 prosent mot same veke i fjor.