Tilbake på jorda etter ni månadar i verdsrommet

Det som skulle vere ei veke i verdsrommet, vart ei mykje lenger reise. No er astronautane Suni Williams og Butch Wilmore tilbake på jordkloden igjen.

Den lange reisa heim
  • 5. juni: Suni Williams og Butch Wilmore reiste til verdsrommet i romkapselen Boeing Starliner.
  • 6. juni: romkapselen la til ved Den internasjonale romstasjonen, og dei to astronautane var framme.
  • 24. august: grunna problem med Boeing Starliner, ville ikkje NASA sende astronautane tilbake i fartøyet. Derfor vart romkapselen sendt tilbake til jordkloden, utan Suni og Butch.
  • 28. september: SpaceX crew-9 la til ved romstasjonen. Om bord var astronaut Nick Hague og kosmonaut Aleksandr Gorbanov.
  • 18. mars 2025: Suni og Butch landa i Mexicogolfen, saman med Nick og Aleksandr.
  • Oppdraget til Suni og Butch gjekk frå å skulle vare i åtte dagar, til heile 286 dagar.
LES FAKTALUKK FAKTA

5. juni reiste Suni og Butch til verdsrommet for eit oppdrag som skulle vare i åtte dagar. Men denne reisa tok ei vending!

Suni og Butch reiste for å teste det nye romfartøyet Boeing Starliner. Starliner har vore i rommet to gongar før, men då har romkapselen reist ubemanna. På veg til romstasjonen, oppstod det nokre tekniske problem. 24. august sa NASA at Starliner skulle bli sendt tilbake til jorda utan astronautane om bord.

Romfararane Butch Wilmore, Aleksandr Gorbanov, Nick Hague og Suni Williams tar bilete før dei reiser frå Den internasjonale romstasjonen. Foto: Nick Hague

Løysinga for å få Suni og Butch heim, blei eit nytt oppdrag. Dei vart ein del av eit firemannslag. 28. september kom astronaut Nick Hague og kosmonaut Aleksandr Gorbunov til Den internasjonale romstasjonen. Astronaut og kosmonaut er det same, berre at dei har trening frå ulike stader.

Romfararane drog frå Den internasjonale romstasjonen 18. mars, og landa same dag i Mexicogolfen.

Firemannslaget har akkurat landa i Mexicogolfen. Frå venstre: Butch Wilmore, Aleksandr Gorbanov, Nick Hague og Suni Williams. Foto: NASA / Keegan Barber

I løpet av perioden i verdsrommet, tok Suni verdsrekord for kvinner. Ho er den kvinna som har brukt mest tid på romvandring. Ho har til saman vore 62 timar og seks minuttar i romdrakt ute i verdsrommet.

Suni Williams på romvandring. Foto: NASA