Kan du tenkja deg ei verd utan natur?

Kan du tenkja deg ei verd utan natur? Ikkje eg heller. Tenk korleis verda hadde sett ut om det berre var by, hus og grå skyer som dekkjer himmelen kvar einaste dag og kvar einaste veke.

Korleis hadde det vore å gått tur og aldri sett eit einaste tre? Eller hatt ein piknik på fortauet og måtte kjøpa oksygen for å pusta? Tenk om alle måtte vera innestengt heime fordi vêret var så ekstremt og fleire måtte flykta frå byen sin på grunn av jordras og flaum?

Dette er det eg håpar og trur situasjonen for heimplassen min blir i 2050:

Eg syklar rundt i nabolaget ein varm sommardag, og nyt korleis verda har blitt. Me klarte det! Me hadde håp om ei betre framtid og det fekk me. Eg hoppar av sykkelen og spring inn for å laga meg ein iskaffi. Eg tek med meg iskaffien ut i hagen for å vatna mine rosa og gule tulipanar og klippa hekken rundt hagen. Eg set meg i hagestolen og tenkjer på at for 25 år sidan sa mamma at om ingen gjorde store endringar og tok vare på naturen, ville framtida sjå mørk ut. Men det vart den ikkje.

Me klarte å passa skikkeleg godt på kloden vår, og det skal me halda fram med.

Eg spring ned til det vesle blå vatnet sola glitrar fint på. Livet skin. Alt rundt meg er som ein draum. Alt me har fått til. Eg hoppar raskt ut i vatnet og byrjar og symja bort til den vesle plattforma ein kan hoppa frå. Eg hoppa ned i vatnet cirka 10 gonger før eg blei sliten. Eg symde bort til sitjeplassen min på graset, tok handkledet mitt rundt meg og byrja å gå heim.

Me har framleis ein veldig lang veg å gå, men om me jobbar i lag kan me klara å verna om naturen. Kanskje året 2050 blir betre enn me kan førestilla oss? Framtida har ikkje vorte laga enda. Det er vårt ansvar og byggja framtida steg for steg. Me må berre ikkje gje opp sjølv om det kan sjå mørkt ut. Me må ikkje gje opp same kva som hindrar oss. Me veit kva me kan klara om me står i det og kjempar det vanskelege.

Me må ha trua på at me kan skapa ei framtid.

Lesarbrevet er éin av vinnarane av skrivekonkurransen om håp for framtida. Konkurransen blei arrangert av Framtida junior, Klimafestivalen Junior og Tid for ti-aksjonen til Foreningen Les!