Nadia vann teiknekonkurranse: Resultatet blei VM-maskoten Snedi

I fjor arrangerte ski-VM ei teiknekonkurranse for å få inspirasjon til VM-maskoten. Vinnaren blei 16 år gamle Nadia.

For tida går ski-VM føre seg i Trondheim. Her er tusenvis av utøvarar og tilskodarar frå verda over samla for å konkurrere i og feire vintersport.

Om du har følgt med på TV, har du i tillegg til konkurransar kanskje sett årets VM-maskot Snedi.

Vinnar

I fjor blei det arrangert ei teiknekonkurranse der heile 6500 barn sende inn bidrag. Teikningane skulle vere forslag til korleis VM-maskoten skulle sjå ut.

Vinnaren blei 16 år gamle Nadia Sofie Kornborg Blomsø frå Frøya i Trøndelag.

– Eg tenkte på fuglar og ski. Eg er veldig glad i fargar og fargerike ting, seier Nadia om vinnarteikninga si.

Teikninga inspirerte designarane til å lage ein maskot beståande av ein kombinasjon av snømann og fugl, med fargerike fjør som symboliserer FNs berekraftsmål.

 

TEIKNEKONKURRANSE: Nadia sitt bidrag til ski-VM si teiknekonkurranse. Resultatet blei VM-maskoten Snedi. Foto: Ski-VM 2025