100.000 eigarlause kattar i Noreg

Problemet med kattar som ikkje har ein heim vert større for kvart år. Dyreorganisasjonane klarar ikkje ta vare på alle.

I Noreg er det rundt 800.000 kattar. Heile 100.000 av desse har ingen heim.

Eit stort problem er at det er mykje sjukdommar blant kattane. Mange har alvorlege frostskadar, urinvegsinfeksjon og luftvegsinfeksjon. Dei får også for lite vatn og mat.

No krev Dyrebeskyttelsen at loven vert endra. Dei vil at politikarane skal bestemma at alle kattar skal ID-merkast. Då kan ein sjå kven som er eigaren.

Vondskap

– Det er heilt forferdeleg korleis Noreg behandlar dei heimlause dyra. No må politikarane sjå vondskapen dei driv på med og få igjennom kastrering og ID-merking, seier Inger Johanne Graff i Dyrebeskyttelsen til NRK.

I 2009 vart denne saka diskutert på Stortinget, men Mattilsynet, som passar på at lovar og reglar vert fulgt, meiner folk må kunne velge om dei vil merke katten eller ikkje.

Folk må ta ansvar

– Me anbefaler på det sterkaste at folk kastrerer og merkar kattane sine, men me ser på det som lite nyttig med eit påbod. Det fordi det er veldig vanskeleg å handheva, fordi det er umogleg å vite kven som er eigaren til ein katt som ikkje er merka, seier Torunn Knævelsrud, seksjonssjef for dyrehelse i Mattilsynet.

Så, kva skal til for at alle kattar skal få ein trygg og god heim?

– Me meiner at informasjon og påverknad er viktig for å forbetra problemet. Det er katteeigaren som er ansvarleg, og då må ein tenka over om ein har tid og ressursar til å ta vare på katten.