Løver er flokkdyr, og beskyttar kvarandre og maten dei har fanga. Difor går dei vanlegvis rundt i flokk på bakken.
No har rett nok ei gruppe løver i nasjonalparken Serengati i Tanzania begynt å klatre opp i tre, skriv ung.forskning.no.
Thomas Pavey forskar på korleis klimaendringar påverkar dyr. Han trur det kan vere to grunnar til klatrelysta til løvene:
1For varmt på bakken
Løver klatrar i større grad i tre under varmare og tørrare årstider. Når det er kaldare, klatrar dei ikkje.
Når løvene kjem opp i trea, kan dei få meir avkjølande vind og finne skugge. I tillegg er det færre innpåslitne insekt oppe i høgda.
2Vil halde andre på avstand
Trea kan vere ein god gøymestad. Løver ønskjer ikkje nødvendigvis berre å beskytte seg mot farlege ting, men kan også ha behov for å få avstand frå familiemedlemmar.
Nokre gonger kan løvemødrene bli lei høglydte, plagsame og rampete ungar.