Karen Kyllesø (21) gjekk over Grønland då ho var 15 år. I januar vart ho den yngste som nokon gong har gått til Sørpolen.
I eit intervju med Framtida junior fortel ho at ho alltid har vore glad i å vere i naturen, og at ho likte å dra åleine på telttur i ungdomstida.
No deler ho to tips til alle som kunne tenke seg å dra på eigne eventyr:
- Begynn i det nære og ta eitt steg om gongen.
Ein treng ikkje byrje med ein lang og vanskeleg tur. Det kan vere nok å utforske skogen i nabolaget, eller kanskje prøve å telte i hagen.
– Start med område nært heimen, og så kan du bevege deg litt og litt lenger vekk etter kvart, seier Karen.
![](https://framtidajunior.no/wp-content/uploads/2025/02/IMG_8016.jpg)
- Gjer det no!
Karen fortel at ho har møtt på mange vaksne som skulle ønske dei hadde dratt på eventyr, men så blei dei for opptekne av vaksenlivet.
– Eg har høyrt mange vaksne som seier: «Eg hadde lyst, men så byrja eg å studere, og så måtte eg få meg ein jobb for å betale studielånet …». Det er ikkje nødvendigvis lettare å vente til du er godt vaksen. Ofte er det like enkelt å gjere det du vil medan du er ung og har få forpliktingar, seier ho.