Slik blir du ein god programleiar

Sigrid Velle Dypbukt, Programleiar i NRK Skolefri, gir sine tips til korleis du kan leike programleiar.

1: Leik programleiar

Då eg var lita spelte eg inn heimelaga radioprogram på kassett. Det var kjempegøy! Du kan også lage TV-show og intervjue familien. Dersom du vil gjere det ekstra gøy kan du invitere pappaen din i ditt eige TV-show, og sei: – No skal vi få besøk av Wenche som er 90 og ekspert på Fidget-spinners. Kanskje han tek det på strak arm?

2: Ver deg sjølv!

Sjå gjerne på kjende programleiarar for å lære, men hugs at ikkje alle kan vere Stian Blipp eller Margrethe frå Labyrint. Alle er ulike og det er nettopp det som er så fint med oss menneskje. Bruk din eigen humor. Ver rar. Leik deg og køyr din eigen stil. Dersom du har det gøy sjølv, blir det best.

3: Bli ein god lyttar

Husk at ein god programleiar ikkje berre snakkar og stiller spørsmål. Programleiaren må høyre godt på svare for å stille nye, gode spørsmål til gjestane sine.

4: Kle deg gjerne ut

Av og til er det lettare å føle seg som ein skikkeleg programleiar dersom ein kler seg litt annleis. Dersom du vil, kan du også klippe ut nokre pappark med notatar, slik at du føler deg som ein ekte, viktig programleiar som er godt førebudd.

5: Ver snill!

Det er alltid best å vere snill.