Tips til deg som er mørkredd

Ung.no har spurt psykolog Karen Fadnes Brattebø om hennar beste tips til å kvitte seg med redsel for mørke.

Eit godt tips i vanskelige periodar der ein opplever å vere mørkredd kan vera å prøve å få så god døgnrytme som mogleg. Dersom ein ligg vaken gir dette meir rom for bekymringstankar og fantasien får løpe løpsk. Då blir tankane ofte skumlare. Dette gjelder både for vaksne og barn.

Utforsk tankane dine

Spør deg sjølv spørsmål som: Kva er eg redd for skal skje? Er det sannsynleg at dette skjer? Kva er det som gjer meg utrygg? Er dette eigentleg berre fantasi? Er det naudsynt å bekymre seg? Det kan vere lettare å utforske desse tankane når ein ikkje allereie er redd – prøv heller å utforske tankane når det er lyst og du har det bra.

Øv deg på det du er redd for

Øv deg på å oppsøke det du er redd for. Dersom du er redd for mørke kan du gradvis utfordre deg sjølv. Døme på dette kan vere å klare å vera på eit mørkt rom på dagen, gradvis sove på eit mørkt rom, eller å gå ein kort eller lang tur når det er mørkt. Det du utfordrar deg på må passe til akkurat det du er redd for. Det er viktig å få nye erfaringar slik at ikkje tankane og frykten for kva som kan skje hindrar deg i å prøve det ut på ekte.