Slik lagar du fine, miljøvenlege fuglebreitt

Har du brukte koppar, band, superlim, delfiafeitt og fuglefrø? Då kan du lage eit unikt fuglebreitt.

Foto: Hedda Håberg / heddalia/Instagram

SLIK GJER DU DET

Fyrst varmar du opp delfiafeitt og puttar fuglefrø i. Delfiafeitt blir veldig, veldig varmt, så her er det viktig at du passar deg og får hjelp av ein vaksen.

Fyll koppen med frø og set han på ein kjøleg plass, slik at frøa stivnar.

Når koppen er klar limar du han på tefatet som vist på bilete.

Så tek du ei skei med fuglefrø og legg utover tefatet. Fest eit band som du kan henge koppen opp med.

På denne måten slepp du at store fuglar får i seg den grøne plast-nettinga som er på meisebollane du får kjøpt i butikken.

I tillegg er dette ei perfekt julegåve til dei som likar fuglar.

Lukke til!

Inspirasjon og bilete er henta frå Hedda Håberg/heddalia/Instagram.