Samanes nasjonaldag
Ein felles nasjonaldag for samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland. Samar er eit urfolk som deler kultur, historie og språk, og som blir rekna som ein nasjon. Samane har eige flagg og eigen nasjonalsong som heiter Sámi soga lávlla på nordsamisk.
Kjelde: Lille norske leksikon
Framtida junior møter Gaute på Oslo samiske skole. Her har han vore ein halv dag i veka sidan 1. klasse, for å få samiskundervisning.
Alle samiske elevar har rett på opplæring i samisk, uansett kvar i landet dei bur. I Oslo får elevar frå 1. trinn og ut vidaregåande tilbod om dette på Oslo samiske skule.
Det er her Gaute startar feiringa av samanes nasjonaldag torsdag 6. februar.
Feirar med kofte, god mat og song
– På morgonen skal det vere taler og song her på skulen. Etterpå dreg vi til Oslo rådhus, fortel Gaute.
Årleg blir samanes nasjonaldag markert på Oslo rådhus, der samar i hovudstaden samlar seg for å feire med talar, musikk og god mat.
– Eg hugsar godt at kongen var der i 2023. Det var veldig gøy. Eg gler meg til feiringa i år også. Vi skal framføre ein song vi har øvd på her på skulen.
Gaute skal ha på seg kofta si, som bestemora har sydd til han. Samisk kofte er eit tradisjonelt plagg brukt av samar.
– Eg føler meg ikkje særleg annleis enn andre fordi eg er samisk, men når eg har på kofta føler eg meg annleis. Då føler eg meg ganske bra.
Viktig dag for samane
– Det er viktig å feire samanes nasjonaldag for å få merksemd rundt samane, med tanke på hetsen dei har gått gjennom.
Gaute meiner at dagen kan sette fokus på å stoppe urettferdig behandling av samar.
– Eg trur mange ikkje tørr å snakke høgt om at dei er samiske fordi dei er redde for at folk skal vere slemme mot dei. Men om eg og fleire viser at vi er stolte over det, blir kanskje dei også det.
Alle land der det bur samar, inkludert Noreg, har over lang tid behandla samane veldig dårleg. Dette har ført til at mange samar har endra på kulturen og språket sitt, men no har det blitt meir vanleg å finne tilbake til sin samiske identitet.
Stolt av å kunne lære bort
– Eg synest det er veldig gøy å lære samisk, fortel Gaute.
Mora til hans er frå Varanger heilt nord og aust i Noreg, og det er gjennom ho Gaute har sine samiske røter.
Han fortel at oldefaren snakka samisk, men at besteforeldra og mora ikkje kan språket. No prøver rett nok Gaute å lære foreldra sine samisk.
– Eg har lært foreldra mine dagane og å telje til ti. Og så har eg lært dei å si «hei», «ha det» og «takk», som er «bures», «baze dearvan» og «giitu».
Nyleg lærte Gaute også jamaldringar samisk og om samisk kultur. Dette då læraren på skulen han går på utanom Oslo samiske skule, spurte om han kunne halde presentasjon for klassa.
– Eg kjenner meg stolt over å vere samisk. Det eg føler meg ekstra stolt av er å kunne lære andre om samisk kultur og fortelje om korleis det er å vere samisk.