Definisjonar på omgrep
- Import: Varer og tenester som blir kjøpt inn i eit land (blir importert) frå utlandet.
- Eksportere: Varer og tenester som blir seld (eksportert) til utlandet.
- Toll: Ei avgift/skatt som staten legg på varer som blir brakt inn i landet.
- Straffetoll: Toll ein stat set på utanlandske varer for å verne eigen handel og produksjon.
- Internasjonal: Noko som gjeld eller handlar om fleire statar/land.
Kjelde: Store norske leksikon
Ein handelskrig er ei konflikt mellom ulike land som kjøper og sel varer til kvarandre. Målet til dei ulike landa er å beskytte eigen produksjon og handel, noko som får negative konsekvensar for motparten.
Verkemiddel som kan bli nytta i handelskrig er til dømes auka toll på importvarer. Toll er ei avgift som staten legg på varer som blir brakt inn i eit land.
Om eit land aukar tollen på importvarer blir det altså ekstra vanskeleg for andre land å selje varene sine dit.
Straffetoll
I helga blei det kjent at USA framover ville auke tollen på varer dei importerer frå Mexico, Canada og Kina.
![](https://framtidajunior.no/wp-content/uploads/2025/02/Canada-300x200.jpg)
Tiltaket, kalla straffetoll, blei raskt møtt med svar frå dei tre landa om at også dei ville innføre toll på varer dei importerer frå USA. Med det var ein handelskrig i gang.
No har rett nok Trump og USA utsett straffetollen mot Canada og Mexico med ein månad, men tiltaket mot Kina vil bli gjennomført som planlagt.
![](https://framtidajunior.no/wp-content/uploads/2025/02/mexico-300x200.jpg)
Konsekvensar
Dei fire landa, USA, Canada, Mexico og Kina, har alle eksport av varer som ei viktig inntektskjelde. Om tollen blir auka blir det vanskelegare å få selt varene til andre land, noko som kan få store konsekvensar for økonomien i dei ulike landa.
![](https://framtidajunior.no/wp-content/uploads/2025/02/Kina-300x200.jpg)
Sjølv om Noreg ikkje er direkte involvert i handelskrigen, kan han likevel ha konsekvensar for norsk økonomi. Dette er fordi Noreg er avhengig av at internasjonal handel fungerer godt.
Handelskrigen kan til dømes føre til utfordringar for næringar som olje og gass, fisk og stål.