Det er sjeldan sjukdommar forsvinn heilt frå jorda, men det er vanlegare at einskildland klarar å kvitte seg med sjukdommar, gjennom til dømes vaksiner og andre hygienetiltak.
Til dømes har det ikkje vore nokre tilfelle av sjukdommen raude hundar i Noreg sidan 2015. Dette er ein sjukdom alle born vert vaksinerte mot når dei er 15 månader og 11 år gamle.
I fjor var det ni land i verda som klarte å kvitte seg med fæle sjukdommar, ifølge nettstaden NPR.
Malaria, spedalsksjuke og elefanthud
Kapp Verde og Egypt vart frie for sjukdommen malaria. Malaria kjem av ein liten parasitt, og vert overført til menneske via myggstikk. Sjukdommen kan vere døyeleg.
Jordan er det første landet i verda som offisielt er erklært fritt for spedalsksjuke, også kjent som lepra.
Det afrikanske landet Tsjad vart kvitt ein døyeleg sjukdom kalla sovesjuka. Brasil og Aust-Timor vart kvitt ein parasitt som kan gi elefantsjuke, ein tilstand der armar eller bein kan hovne valdsamt opp og huden liknar elefanthud.
India, Pakistan og Vietnam har eliminert trakom, som kan gjere folk blinde.