Slalåm og ski er dyre hobbyar, og fleire barn og unge frå familiar som har mest pengar, deltek i desse aktivitetane, skriv Ung.Forskning.no.
59 prosent av barna frå familiar som tener minst, står ikkje på slalåm eller snowboard. Hos familiane som tener mest, er det 23 prosent som ikkje deltek.
For langrenn er skilnaden mindre. 41 prosent av familiane som tener minst har barn som ikkje går på ski. Mot 15 prosent blant barna i familiane som tener mest.
Fotball er populært
Det er mange barn mellom 6 og 15 år som driv med friluftsliv. Heile 99 prosent er med på friluftsaktivitetar ein gong i blant, ifølgje undersøkinga.
Det er også mange som driv med organisert idrett. Heile 72 prosent! Fotball er den mest populære organiserte idretten. 38 prosent blant barna driv med fotball, følgt av handball med 15 prosent og symjing med 8 prosent.