Michelle (15) er ny jeger før årets jaktsesong: – Eg trur det gir ei spenning i kroppen

To år etter at ho starta med skyting, fann Michelle Egelund ut at ho ville gjera noko meir ut av interessa si. I år skal ho vera med på jakt for aller første gong.

Kven kan vera med på jakt?
  • Du kan ta jegerprøven det året du fyller 14 år. Prøven er eksamen etter kurset som er på 30 timar fordelt på ni samlingar der det er obligatorisk å møta opp.
  • Du kan vera med på småviltjakt med våpen frå du er 16 år gamal. Det er også lov frå det året du fyller 14 dersom foreldra dine godtek det og du har med deg vaksen person som er over 20 år.
  • Når det gjeld storviltjakt, kan du delta i opplæring frå det året du fyller 16 år når du har godkjenning frå foreldre og er under tilsyn frå ein person som er over 20 år. 
  • Det er viktig at den vaksne personen har drive med jakt og betalt jegeravgift i minst tre år. Det er også viktig at han/ho har høve til å kontrollera og instruera deg når du er under opplæring. 

Kjelde: www.njff.no

LES FAKTALUKK FAKTA

– Det eg ser mest fram til er kjensla etter eg har skote mitt første dyr. Eg trur det gir ei spenning i kroppen, seier Michelle Egelund (15).

Om eit par veker skal ho delta på si aller første jakt. Då skal ho jakta på due saman med fleire ungdommar, men ho trur det er hare ho kjem til å jakta mest på i haust.

– Onkelen, fetteren og bestefaren min jaktar mest på hare. Det er kjekt viss eg kan vera saman med dei, seier Michelle.

Nettopp onkelen, fetteren og bestefaren har mykje å seia for at Michelle er fersk jeger i år. Det heile starta for to år sidan, då dei tok ho med til ein skyteplass.

Skyting er ikkje teit

– Eg syntest det verka spennande, og dei lurte på om eg hadde lyst til å prøva å skyta. Det gjorde eg, og eg syntest at det var veldig gøy.

Etter dette bestemte Michelle seg for å starta med skyting som fritidsaktivitet. Sjølv om det er eit skytemiljø der ho kjem frå, er dei aller fleste i klassen hennar interessert i fotball og handball. Derfor er det fleire som synest det er litt rart at Michelle vil bruka tida si på skyting.

– Mange tenker nok at det er rart fordi det ikkje er så vanleg at jenter driv med det. Det er teit at folk meiner at noko er ein sport berre for gutar eller berre for jenter. Båte gutar og jenter kan vera like flinke i dei same tinga.

Leirdueskyting: Her driv Michelle med leirdueskyting og øvinga som kallast sporting. Den er ei samansetjing av fleire situasjonar, og ofte kan leirduene rulla og spretta på bakken. Ho skyt mest sporting, men driv også med øvingane leirduesti og jegertrap.

– Gjer det for deg

Det var tilfeldig at Michelle starta med skyting. Ein ting som derimot ikkje er tilfeldig, er at interessa for jakt kom etter at ho starta med skyting. I sommar tok ho jaktprøven.

– Eg tok den tre gonger før eg bestod. Den var skikkeleg vanskeleg. Eg vil anbefala alle å lesa skikkeleg før dei tek den.

Til dei som tenkjer at dei vil bli framtidige jegrar der ute, har Michelle følgande tips:

– Først og fremst må du tenka over om dette faktisk er noko du vil. Gjer det for deg, og ikkje for andre. Jakt og skyting er kjempekjekt og eit miljø der alle tek vare på kvarandre. 

Godt miljø: Michelle er med i klubben Bjørkelangen JFF, og skryt av det gode miljøet som er der.