«Askepote»
I denne filmen møter vi katten Askepote. I motsetning til i det kjende eventyret om Askepott, nektar Askepote å gifte seg med prinsen, og alt byrjar å rakne i eventyrverda.
Askepote set av stad i jakta på sin eigen lykkelege slutt.
Filmen blir skildra som eit spanande eventyr om fridom, venskap og mot til å stå opp mot samfunnets forventingar.
Kor: Kino
Speletid: 1 time og 12 minutt
Aldersgrense: 6 år
Språk: Norsk
«Snøsøsteren»
No kjem Maja Lunde og Lisa Aisato si julebok «Snøsøsteren» som film.
Historia handlar om Julian, som blir elleve år på julaftan. Det som til vanleg er favorittdagen hans, er i år ikkje noko å glede seg til. Familien sørgar etter at storesøstera hans døde.
Men ein dag møter Julian ei sprudlande jente som elskar jul, Hedvig. Dei blir raskt vennar, men det er noko mystisk med huset hennar, og kven er den mystiske gamle mannen som luskar rundt?
Kor: Netflix
Speletid: 1 time og 36 minutt
Aldersgrense: 10 år
Språk: Norsk
«Jul med Astrid Lindgren»
Denne filmen byr på ei eventyrleg reise gjennom Astrid Lindgren si fantastiske verd.
Vi møter Emil i Lønneberget, som er i full gang med snøballkrig, Per Pusling som får seg ein ny bestevenn, «Reven og nissen» og Kajsa som hjelper bestemora med å gjere klart til jul.
Kor: Kino
Speletid: 52 minutt
Aldersgrense: Tillaten for alle
Språk: Norsk
«Supernissen»
Julenissen er stor fan av ein serie som heiter «Supernissen». Serien handlar om ein superhelt med utrulege krefter. Når julenissen med eit uhell slår hovudet sitt, blir han forvirra og trur at det er han som er Supernissen. Det fører til kaos.
11-åringen Billie, roboten K.A.R.L. og alven Leo må få julenissen til å bli seg sjølv att, og redde jula før det er for seint.
Kor: Kino
Speletid: 92 minutt
Aldersgrense: 6 år
Språk: Norsk
«An Almost Christmas Story»
I kortfilmen An Almost Christmas Story møter vi ugla Moon som endar i eit juletre på veg til Rockefeller Plaza i New York.
Ugla treffer den vesle, bortkomne jenta Luna i forsøket på å kome seg vekk frå byen. Dei set ut på eit eventyr saman medan dei prøver å kome seg heim til jul.