Torsdag kom nyheita om at Den internasjonale straffedomstolen (ICC) har sendt ut arrestordrar på Israels statsminister Benjamin Netanyahu, tidlegare forsvarsminister for Israel Yoav Gallant og ein Hamas-leiar.
Ifølgje domstolen skal Netanyahu og Gallant ha brukt svolt som våpen mot palestinarar. Dei trekker òg fram drap, forfølging og andre «umenneskelege handlingar», skriv VG.
Hamas-leiar Mohammed Diab Ibrahim Al-Masr, kjent som Mohammed Deif, er sjef for Hamas si militære fløy. ICC trekker mellom anna fram at gissel som vart haldne fanga i Gaza vart utsette for seksuell og kjønnsbasert vald. Israel hevdar å ha drepe Hamas-leiaren, så det er usikkert om han er i live.
Dei tre risikerer å bli arresterte dersom dei kjem til eit av ICC sine 124 medlemsland. Noreg er medlem, men det er ikkje Israel og USA.
– Israel avviser kategorisk dei absurde og falske løgnene som er retta mot landet frå Straffedomstolen, uttalar Netanyahus kontor, ifølgje NRK. Også USA avviser arrestordren, skriv dei.