Dinosaurfossil oppdaga i Hongkong

For første gong er det funne dinosaurfossil på ei av øyane Hongkong består av.

Fossila er ein del av ein stor dinosaur som levde for mellom 145 til 66 millionar år sidan, seier styresmaktene i Hongkong, ifølge The Guardian.

Ekspertar må undersøke fossila nærmare for å finne ut kva type dinosaur det er.

Hongkong består av over 200 øyar. Fossila blei funne på Port Island.

Dinosaurfossila blir frå 25. oktober stilte ut i eit populært shoppingområde slik at folk i Hongkong kan sjå dei.