- Finn stader der du kan treffa nye folk. Det er nye folk overalt, og det er mange som kan bli vennene dine. Prøv ut ein ny sport, speidaren, dans, teater eller noko du vil trivast med.
- Sei hei til nye folk!
- Å få augekontakt og å smila til folk er viktig.
- Ver sjølvsikker. Når du er open og snakkar med alle, vil folk snakka tilbake.
- Lat som om du ikkje er sjenert. Då vil du klara å lura hjernen din, slik at du blirmindre sjenert!
- Ver modig og start ein samtale. Ta mot til deg og still nokon eit spørsmål om kva som helst.
- Rekk opp handa i timen. Munnleg aktivitet i timen er bra uansett, men visste du at det også kan hjelpa deg å få nye venner?
- Viss du har sosiale medium, så legg andre til.
- Ver positiv. Dei aller fleste vil helst vera saman med nokon som gjer at me kjem i betre humør.
- Ver deg sjølv! Den beste måten å vera sjølvsikker på, er å vera seg sjølv og øva seg på å vera fornøgd med å vera den du er.
Kjelde: Ung.no
Finn på noko saman
Hildegunn Fandrem, professor ved Universitetet i Stavanger, sitt beste råd er å finna på noko å gjera saman.
– Inviter med dei du ønskjer å bli venn med i leiken, seier professor Hildegunn Fandrem. Kanskje er nokre barn stille og tilbaketrekte og verkar vanskelege å bli venn med, eller kjent med? Då kan det kanskje vera lurt å ikkje vera for mange saman dei første gongene, og så invitera med fleire etter kvart, seier professoren.