Venskap er både verdifullt og sårbart

Korleis skal ein få ein god ven, kva er ein god ven og korleis halde på ein god ven? Venskap er fint og viktig, men ikkje alltid like enkelt. Ung.no har gode tips til deg!

Nokre har mange vener, nokre har ein eller nokre få. Nokon kjenner på ei kjensle av å ikkje ha nokon i det heile. Mange tenkjer ikkje over at dei er ein del av ein venegjeng, og tar det kanskje som ei sjølvfølgje. Andre er ulukkelege over å ikkje vera inkludert i ein venegjeng, og saknar det kanskje veldig – men veit ikkje korleis dei skal få det til. 

Venskap krevjer at ein må gje av seg sjølv og gjere seg sårbar. Det ein får att er støtte, felleskap og glede.

Dette kjenneteikner ein god ven:

  • Ein som er til å stole på/ærleg
  • Ein å dele hemmelegheiter med
  • Ein å prate med
  • Ein å ha det gøy saman med/gjere kjekke ting saman med
  • Ein som er der/gir støtte når du treng han/ho
  • Ein som du kan tru meg til
  • Ein å dele interesser med
  • Ein som har same verdiar
  • Ein du kan vera deg sjølv saman med 

Korleis få gode venner?

  • Du må vera ein god ven sjølv. 
  • Du må vera deg sjølv. Våg å vise kven du er heilt frå starten – slik at venskapen får eit ærleg grunnlag.
  • Nokon kan vera veldig sjenerte eller kjenne seg utrygge, og då kan det hende ein ikkje vågar å ta kontakt. Nokon trekkjer seg vekk, og andre tøffar seg og viser ei side av seg sjølv som ikkje er heilt ekte. Då er det viktig å bruke tid på å øve seg på å ta kontakt, og øve seg på at andre tek kontakt. 

Einsemd og sakn

Å ikkje høyre til i ein venegjeng, eller å kjenne seg ålene eller utanføre gjengen, er ei vond oppleving. Mange kjempar for å høyre til i ein gjeng, og går ofte med ein redsel for å bli heldt utanføre. Andre har følt seg åleine over lang tid og er ofte lei seg for å ikkje vera ein del av ein venegjeng. Nokon held andre utanføre for å prøve å vera den sterkaste i veneflokken. Det fungerer ikkje for den som stengjer ute, og det er vondt for den som blir utestengd. 

Konfliktar og konfliktløysing

Det er normalt at konfliktar oppstår mellom vener. Ofte startar det med at ein er ueinige, at nokon bryt ein lovnad, eller at nokon er sjalu. Hemmelegheiter som er blitt fortalt videre er også en vanleg grunn til konflikt. Det kan vera lurt å vera litt forsiktig med å fortelje for mange hemmelegheiter før du kjenner deg heilt trygg på venen din. 

Til deg som kjenner deg trygg og akseptert

Sjå deg rundt; det er heilt sikkert nokon som ville blitt lukkeleg om du inviterte dei inn i din venegjeng, eller om du seier noko fint eller sender eit oppmuntrande smil. 

Til deg som kjenner på einsemd

Prøv å ta kontakt! Sei hei, vis fram dine hyggelege sider, og ikkje overtolk dei andre sine signal i negativ retning. Prøv å heller fokusere på noko dei andre har gjort som er positivt; eit smil, eit «hei» eller liknande.