– Gode vener tek vare på kvarandre

Thea Vika Knutsen (9) og Elene Langhelle Tronstad (9) er gode vener. – Vi er tre jenter som går i klassen, så det er ekstra viktig at vi tek vare på kvarandre, fortel dei.

– Vener er viktig. Vi kan leike ilag, og viss nokon treng hjelp kan vi hjelpa kvarandre. Viss nokon er lei seg, kan vi trøyste kvarandre, fortel Thea.

– Ja, når ein har vener går ein ikkje åleine. Du har alltid nokon å vera saman med. Vener tek vare på kvarandre viss nokon blir mobba, seier Elene. 

Vener av vener

Thea likar å bli kjent med vener sine vener. 

– Det hender at folk eg kjenner har med seg vener dei har frå tidlegare, og då kan eg bli kjent med dei også. For å få nye vener er det viktig å gå bort for å snakke med dei. Når du veit kva dei heiter, er det enklare å bli kjent, fortel ho. 

– Viss eg ser nokon eg kan bli kjent med går eg bort for å snakke med dei. Då spør eg om kva dei heiter, og om vi kan møtast ein gong, seier Elene.

Fleire bestevener

Både Elene og Thea har fleire bestevener.

– Eg har fleire bestevener, og er ofte saman med dei som er både yngre og eldre enn oss, fortel Thea.

– Ja, eg har også det slik, at eg leikar med mange forskjellige, fortel Elene. 

For å halde på gode venskap har dei to jentene følgjande tips:

– Hjelp kvarandre, sei gode ting, finn på kjekke ting i lag, og vis at du er der om det skjer noko med venen din, seier Thea.

– Det er viktig å leike ilag, gratulere dei med dagen når dei har bursdag, gje dei ein klem om dei treng ein, og snakke med dei på ein god måte, seier Elene.