Subleen (11): – Ein god ven gir deg kjensla av at du er viktig for nokon

Kva er ein god ven? Og kva er viktige eigenskapar hos ein ven?

Subleen Singh (11)

– Ein god ven er ein som motiverar. Det er ei god kjensle å merke energien frå ein ven. Ein god ven gir deg kjensla av at du er viktig for nokon. Når ein god ven ikkje er på skulen kan eg merke at noko manglar og eg blir usikker.

Karoline Myhr (11)

– Eg har ikkje éin besteven. Eg har fleire bestevener. Det er personar som eg kan stole på, nokon som lyttar til meg. Det er godt å snakke med nokon som du kan stole på.

Muhammed Ahmed Hassan (11)

– Eg kjenner meg meir komfortabel med éin besteven. Det er ein eg kan stole på, som tek hensyn og som fortel meg hemmelegheitene sine. Ein besteven er den støtta du treng når ein eigentleg ikkje heilt veit at du treng det.