Sjå bilda frå konkurransen «Verdas styggaste hund»

Pekingesaren Wild Thang er verdas styggaste hund.

Fredag førre veke blei konkurransen «World Ugliest Dog Award», eller «Verdas styggaste hund» arrangert i California, skriv The Guardian.

DELTOK: Hunden Rome, her med eigaren Michelle Grady, deltok. Foto: Nic Coury / AP Photo / NTB

Åtte hundar konkurrerte om å vinne tittelen.

RAUD LØPAR: Hunden Twiggy møtte fans på den raude løparen. Foto: Nic Coury / AP Photo / NTB

Dei fleste av deltakarane var adopterte laushundar.

DAISY MAE: Ein av deltakarane var Daisy Mae. Foto: Nic Coury / AP Photo / NTB

Vinnaren blei pekingesaren med namnet Wild Thang. Wild Thang, og eigaren hans, får ein pengepremie. I tillegg får dei komme på eit tv-program.

FØRSTEPLASS: Wild Thang og eigaren Ann Lewis vann konkurransen. Foto: Nic Coury / AP Photo / NTB

Konkurransen har blitt arrangert i nesten 50 år. Målet er ikkje å gjere narr av hundane, men å få fleire til å adoptere hundar som treng ein ny heim.

MOCHI: Hunden Mochi prøvde å vinne tittelen «Verdas styggaste hund». Foto: Nic Coury / AP Photo / NTB