På kysten var det noko å finne heile året.
– Dei åt egg, nøtter, bær og skjel. Dei dreiv med selfangst og fiske, og dei jaga store dyr som elg og rein i innlandet. Det er naturleg å tenkje at barna deltok i sanking av både skjell, egg og bær tidleg. Etter kvart vart dei også med på jakt, fortel Eirin Holberg som saman med illustratør Åshild Irgens har laga boka «Steinalderen: 10 000 år gamle tyggisar og hovudskallar på stong».
LES OGSÅ: I steinalderen var det ingen skular – men dette måtte alle læra
Arkeolog og forfattar Eirin Holberg likar å grave i jorda etter gamle skattar. Les meir om boka «Steinalderen: 10 000 år gamle tyggisar og hovudskallar på stong» her!