Fakta om steinalderen

Steinalderen er den første og lengste perioden i menneskehistoria. Den varte i over to millionar år.

I steinalderen byrja folk å lage reiskapar av stein i staden for av bein. Ingenting var laga av metall på denne tida. Flintstein blei spesielt mykje brukt. 

Steinalderen er delt i tre periodar

Steinalderen har vart i ulik tid innan ulike menneskesamfunn. Nokre samfunn klarar seg framleis utan metall den dag i dag. 

Vi deler steinalderen inn i tre delar. Fyrst var den «eldre steinalder» der menneska tok til å laga grove reiskapar. Så kom «mellomsteinalderen» der fleire samfunn tok til å utvikla jordbruk. Til slutt har vi «yngre steinalder» som var ei tid då mange dreiv jordbruk og dyrehald, laga keramikk og gjerne bygde langhus.

Klede og kvardagsliv

I eldre steinalder budde folk i holer i fjellet eller i gammer. Ei gamme er ei hytte laga av greiner, torv og jord. Dei flytta ofte for å vera der maten var. Alt handla om å skaffe nok mat. 

I yngre steinalder byrja folk å dyrke jorda. Då flytta dei ikkje like mykje på seg. Dei bygde også hus av leire, tre og jord. Husa hadde eitt stort rom som alle budde i.

ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET.

BUPLASS: Utgraving av ein buplass frå steinalderen.
Foto: Terje Bendiksby / Scanpix

Det viktigaste materialet i steinalderen var skinn. Folk jakta på ville dyr for å ete kjøt og nytte skinnet til klede. Dei busette seg ved kysten for å kunne fiske. I mellomsteinalderen blei det etter kvart vanleg å lage klede av ull då dei fekk ull frå husdyra. Dei hadde ofte både sau, gris og kyr. Då folk byrja å dyrke jorda, endra også kosthaldet seg. Dei fekk korn dei kunne lage graut og brød av. 

Korleis nytta dei stein?

Folk tok i bruk ei rekkje material på denne tida. Nokre steinsortar, som til dømes flint, vart forma for å laga skjerereiskapar og våpen, medan andre steinsortar som basalt og sandstein vart nytta til å laga kverner og andre reiskapar. Tre, bein, skjel og horn var også vanleg. Når det er steinen som har gitt perioden namn, skuldast det at det er det materialet som blir best bevart, og som dermed har sett mest spor etter seg. Mot slutten av perioden tok dei også i bruk keramikk.

Helleristningar

Det var vanleg at folk teikna på steinar på denne tida. På lause steinblokker eller på fjellet. Teikningane blir kalla helleristningar og var oftast av dyr, jakt og jordbruk.

ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET.

SPOR FRÅ FORTIDA: Helleristning frå steinalderen.
Foto: Heidi Arc / CC BY-SA

Gravene

Det finst framleis graver frå steinalderen i Skandinavia. Steinaldergravene vart ofte laga av mange små steinar med ein stor stein på toppen.

GAMAL TEIKNING: Denne helleristningen vart funnen i Tromsø.
Foto: Heidi Arc / CC BY-SA