På jakt etter spor frå steinalderen

Arkeolog og forfattar Eirin Holberg likar å grave i jorda etter gamle skattar. No har ho skrive boka «Steinalderen: 10 000 år gamle tyggisar og hovudskallar på stong».

Saman med illustratør Åshild Irgens har ho laga boka som fortel om korleis livet var den gongen. 

Eirin Holberg har jobba som arkeolog i mange år, og har gravd fram mange interessante ting. Men kva synest ho sjølv har vore aller mest spennande?

– Eg har funne ei kjempefin øks frå steinalderen! Den fann eg i Vestland utanføre Bergen. Det er utruleg spennande å finne noko som nokon har lagt frå seg for mange tusen år sidan. Då kjem eg så tett på historia. Det å vite at ingen andre har vore borti den tingen sidan den personen la den frå seg. Det er også spesielt å finne restar av hus og sjå korleis dei budde. 

SKATTEJAKT: Arkeolog og forfattar Eirin Holberg likar å grave i jorda etter gamle skattar. Foto: Mille Gran

Ho har vore med på å grave etter spor frå steinalderen i både Noreg og Danmark.

– I Danmark er det mykje tettare mellom funna. Der fann me mange økser, flintknivar og ein flintsigd som skar korn i yngre steinalder. Det var veldig, veldig spennande. Det er jo sjeldan med store funn frå steinalderen i Skandinavia – fordi mykje blei laga i materiale som er brote ned av naturen. Men eg synest det er like gøy å finne små kvardagslege ting fortel ho. Det er dei som fortel mest om korleis det var å leve den gongen! 

Inspirert av teiknefilm

Arkeologiske utgravingar har fascinert ho sidan ho var ei lita jente. 

Då eg var lita såg eg serien «Det var ein gong eit menneske» – ein teiknefilmserie om forhistorisk tid. Det er så lett å tenke at slik me lever i dag er den beste måten å leve på, men historia viser oss at det er mange måtar å leva på. 

Eirin Holberg er nøgd med at ho valde å studere arkeologi til slutt.

– Eg likar at eg kan vera mykje ute i naturen og litt på kontor innimellom, seier ho. 

NY BOK: Eirin Holberg har skrive bok om steinalderen. Foto: Bomomslag / Samlaget

Snakka med barn

Ho er glad i å skrive, og har no skrive den første boka i ein serie. Med seg på laget har ho illustratør Åshild Irgens.

– Det kjem også ei om bronsealderen og ei om jernalderen, fortel ho. 

I arbeidet med boka har ho snakka med fleire barn om kva dei er nysgjerrige på om steinalderen.

Når eg møter barn blir dei ofte nysgjerrige på at eg er arkeolog. Dei spør om artige detaljar som korleis barna i steinalderen gjekk på skulen, korleis dei lærte noko utan bøker, korleis dei såg ut og kva mat dei likte. 

Illustrasjon: Åshild Irgens