Israel er eit av landa som deltar i finalen i Eurovision Song Contest 11. mai. Det er det mange som protesterer mot på grunn av krigen i Gaza.
Marcus og Martinus representerer Sverige i finalen med songen «Unforgettable».
– Vi er med i Eurovision, og så er det andre som bestemmer kven som skal vere med. Vi har ingenting med det å gjere, seier Martinus til NTB.
Tvillingane synest det som skjer i Gaza er trist.
– Ingen har lyst på krig rundt omkring i verda, same kva det er. Det er jo sjølvsagt trist. Ein har jo lyst på at det skal vere ei fredeleg verd, seier Marcus til NTB.