1. Eurovision blei starta i 1956 for å fremja samhald mellom land i Europa. Også nasjonar som ikkje høyrer til Europa får delta, mellom anna Australia og Israel. I dag deltek mellom 35-40 land og mellom 160-180 millionar sjåarar får med seg Eurovision!

2. Eurovision foregår på følgande måte: Først har kvart land sin eigen konkurranse. I Noreg heiter den Grand Prix. Vinnarane frå kvart land får reisa til semifinalar, der om lag 25 bidrag kjem seg vidare til den store europeiske finalen.
3. Sidan Austerrike vann i fjor, er det dei som arrangerer finalen i år. Den blir halden i Wien på laurdag 16. mai 2026. Forhåpentlegvis kvalifisterer Noreg seg i år med sitt bidrag! Jonas Lovv stiller med band og syng songen «Yayaya».

4. Noreg har vunne Eurovision tre gonger! Første gong i 1985 då Elisabeth Andreassen og Hanne Krogh i Bobbysocks framførte Rolf Løvland sin komposisjon, «La det swinge». Fordi orkesterdirigenten var nervøs, så blei songen framført i litt ekstra høgt tempo. Dette viste seg å vera lurt, for det svinga verkeleg ekstra denne finalekvelden i Gøteborg!

5. Andre gong Noreg vann, var i 1995 med Secret Garden sin «Nocturne», også denne komponert av Rolf Løvland. Då Noreg vann for tredje gong, i 2009, sette Alexander Rybak ny poengrekord med songen «Fairytale»! Den hadde han skrive sjølv, noko som ikkje alltid er så vanleg i konkurransen.

6. Eurovision er kjent for å vera ein inkluderande arena der deltagarar med alle legningar, kjønn, religion og hudfargar er velkomne. Ein del av artistane opplever diverre hets på sosiale medier, men dei opplever også mykje støtte. Eurovision er med på å styrka rettane til utsette grupper i land der myndigheitene trugar fridomen deira.

7. Eurovision skal vera fritt for politikk. I reglane står det at utøvarane ikkje har lov til å ha politiske budskap i songane sine eller bæra politiske symbol på scena, kun eige nasjonalflagg. Nasjonar som fører invasjonskrig mot andre, som Russland, får ikkje lov til å vera med.

8. Dei siste åra har det vore mykje diskusjon rundt Israel si deltaking fordi det er usemje rundt landet sin krig mot Palestina. Landet får delta, men folk er så ueinige at fleire boikottar konkurransen i år, 2026, mellom anna Spania. Det er altså ikkje så lett å skilja kultur og politikk!

9. I perioden 2002-2019 blei det arrangert Grand Prix Junior i Noreg for barn mellom 8 og 15 år. Som tiåringar deltok Marcus & Martinus og fekk sitt store gjennombrot i 2012 med «To dråper vann». Som vaksne har dei delteke i Eurovision for Sverige (!) og kom på niandeplass i Malmö i 2024.

10. Også kalkunar får lov til å delta i Eurovision! Kalkunen Dustin spela av John Morrison var Irland sitt bidrag i 2008. Det blei diverre ingen finale på Dustin, men som kalkunartist gjer han det stort både på TV og på hitlistene i heimlandet Irland.

11. Det er ikkje lov med ekte dyr på scena i Eurovision. Andre dyrefigurar som har vore sett på Eurovisionscena inkluderer ein dansande gorilla frå Italia (2017) og dansande ulvar frå Noreg (2022).

12. Den yngste vinnaren av Eurovision er belgiske Sandra Kim. Ho var berre 13 år då ho vann i 1986! I dag er det 16-års aldersgrense, men det er lov for barn å vera med i publikum! Alle som vil kan sjå konkurransen på tv og stemma på sin favoritt frå sofaen. Mange har fest der dei kler seg ut og kosar seg med vener eller familie.























